Stort engasjement på innbyggjarmøte

Nærare 25 personar hadde funne vegen til innbyggartorget og biblioteket i Skogsskiftet på torsdag då kommunen inviterte til dialog om kommunedelsenteret som møteplass.
- Eg kan ikkje lova utvida opningstid på innbyggartorget og biblioteket, men vi skal laga ei oppfølgingssak etter møta med innbyggjarane her og på Rong, sa ordførar Tom Georg Indrevik.

Frå innbyggjarmøtet i Skogsskiftet på torsdag - Klikk for stort bileteFrå innbyggjarmøtet i Skogsskiftet på torsdag

Fleire som tok ordet var skuffa over at den vanlege opningstida på innbyggartorget og biblioteket er redusert til to dagar i veka.

- Det handlar om mykje meir enn å låna ei bok. Tidlegare var det fleire arrangement her. Vi burde hatt ope fire dagar som før, meinte Laila Klemetsaune.

Biblioteksjef Yngvild Wiese viste til at det er invitert til ulike arrangement på innbyggartorga og biblioteka. Døme på dette er forfattarbesøk. Men det har vore dårleg oppslutnad.

Lengre nede i artikkelen kan du via skjema gje innspel om kva du meiner om kommunedelsentera og innbyggartorget/biblioteket.

Frå venstre; Laila Klemetsaune, kultursjef Marian Guddal Hansen og ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteFrå venstre; Laila Klemetsaune, kultursjef Marian Guddal Hansen og ordførar Tom Georg Indrevik

På Rong og Skogsskiftet er det tilgang til meirope bibliotek sju dagar i veka ved å nytta nasjonalt lånekort og bibliotekkort. Fleire peika på at det er viktig med tilgjengelege bibliotekarar og ikkje berre tilgang til biblioteklokalet via kort.

Det var ikkje heilt sams oppfatning av kva eit bibliotek skal vera. Nokre meinte at det først og fremst er ein stad der ein kan få lånt bøker. Andre såg på biblioteket også som ein sosial møteplass der folk kan treffa folk dei kjenner frå lokalmiljøet. Det vart også peika på at transport til og frå senteret er viktig, anten det er kollektivtransport eller vennskapskøyring.

Tone Kolsrud Schulstock Tennfjord fortalde om tiltaket SAFT i Klokkarvik.

- Det er viktig å sjå moglegheitene. Når nokre dører vert lukka, er det andre som opnar seg. Likevel opplever vi at det er mange som vil ha, men få vil yta. Det er for mykje eg og for lite vi. Eg lurer på kvar dei er alle dei 800 innbyggjarane i Klokkarvik, sa ho.

Tone Kolsrud Schulstock Tennfjord (midt i biletet) er engasjert i SAFT i Klokkarvik - Klikk for stort bileteTone Kolsrud Schulstock Tennfjord (midt i biletet) er engasjert i SAFT i Klokkarvik

Kaféområde?

Dagleg leiar på Kiwi og senterleiar Rune Erichsen sa at mange saknar ein kafé på Sund Senter. 

- Vi har hatt kafé, men det var ikkje nok kundar. Vi har prøvd å finna løysingar for eit kaféområde, gjerne kombinert med ein butikk. Akkurat no er det ikkje areal til dette. Dersom vi hadde klart å finna faste tidspunkt for møteplass på senteret, kunne vi kanskje fått etablert eit tilbod, sa Erichsen som sa at det har vore ei utfordring med ein del hærverk på senteret, mellom anna på toaletta.

Rektor på Skogsvåg skule, Ingrid Helene Bildøy Hestad, viste til at skulen for tida har to hovudprosjekt. Det er trygg og god skulekvardag og lesing.

- I leselystprosjektet opplevde vi at fleire gutar las tre timar i strekk. Med tanke på elevane burde det vore meir opningstid på innbyggartorget og biblioteket enn tilfellet er i dag. Dette er eit viktig tilbod for både barn, unge og eldre, sa rektoren. 

Praten heldt fram etter møteslutt...... - Klikk for stort biletePraten heldt fram etter møteslutt.......

Ordførar Tom Georg Indrevik var rørt over at så mange møtte opp på samlinga.

- Det er flott at de brukar tid på dette. Vi skal laga ei sak som ei oppfølging av samlingane i Skogsskiftet og på Rong. I saka vil vi vurdera moglege tiltak, sa ordføraren.

Det er invitert til eit tilsvarande møte på Rong tysdag 3. mars klokka 14.00.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

Kva meiner du om kommunedelsentera som møteplass?

Her kan du anonymt gje oss innspel på kva du meiner kan gjerast for å skapa attraktive kommunedelsenter og innbyggartorg/bibliotek.   

Send innspel om kommunedelsentera