Desse var til stades på møtet i RFF 18. februar. Frå venstre; Lisbeth Hjortland, Christian Daae-Hansen, Veronica Lyngved, Anne Hilde Flindt, Christel Borge Bersaas-Nesse , Anita Garlid Johannessen og Rune Kobbeltvedt.Rådet spør også om det er mogleg å levera slikt ustyr gratis i tillegg til dei gratisleveringane ein allereie har.
Spørsmålet kom opp i samband med referatsaker. ØyVAR opplyser i eit svar at kommunen ikkje har heimel til å frita heilt eller delvis frå renovasjonsforskrifta utover det som følgjer av renovasjonsforskrifta. Det kan ikkje gjevast fritak frå eller reduksjon av gebyr basert på sosiale forhold.
- Ei slik separat innsamlingsordning ville i realiteten utgjera eit indirekte fritak for visse brukargrupper, noko som ikkje er i tråd med gjeldande regelverk, heiter det i svaret frå ØyVAR.
Synfaring på Straume
Fylkesrådet for personar med funksjonsnedsetjing ønskjer å gjennomføra ei synfaring på Straume 6. mars for å få betre oversikt over den omfattande utviklinga i området. Rådet ønskjer ei synfaring saman med representantar frå RFF.
Rådet konkluderte med at dei som ønskjer og har høve til det vert med på synfaringa. Rådet har under synfaringa ingen innspel å koma med når det gjeld ting som er viktig å følgja opp vidare i planarbeidet. RFF tek med seg informasjonen frå kommunen og det som kjem fram under synfaringa i det vidare arbeidet i rådet.
Konferanse om CRPD
RFF peika ut Christel Borge Bersaas-Nesse, Rune Kobbeltveit og Anne Hilde Flindt frå rådet til å delta på ein konferanse om FN sin konvensjon om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) 8. juni på Elrek helseklynge i Bergen. Rådet oppmodar organisasjonar til å senda eigne deltakarar.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke