
4,3 prosent i nominell vekst for Øygarden
I framlegget til statsbudsjett for 2026 er det lagt til grunn at Øygarden kommune får 3,1 milliardar kroner i frie inntekter (skatt og rammetilskot) i 2026.
- Vi er nøgd med dette, men vi treng kvar ei krone til omstillinga vi står overfor med fleire eldre innbyggjarar i åra som ligg framfor, seier kommunalsjef for Finans og økonomi, Anne Erdal.
Les meir.
Feira jubileum med stormønstring
Det var invitert til fest i kultursalen på Øygarden rådhus fredag kveld. Øygarden song- og musikkråd feira sine første 40 år.
- Dette er noko vi byggjer, ikkje vedtar, sa ordførar Tom Georg Indrevik i helsinga til jubilanten.
Les meir.
Tilrår å starta bygging av ny skule
Formannskapet går samrøystes inn for å starta arbeidet med å byggja Vestsida skule på Skålvika så raskt som mogleg (innan 2027). Det er føreslått at bygget skal dimensjonerast for 150-200 elevar.
- Dette er eit viktig tiltak for å møta behovet for elevplassar i området, heiter det i tilrådinga. Formannskapet var samla til møte 13. oktober.
Les meir.
Meld deg som bøsseberar!
Det er behov for mange fleire bøsseberarar i Øygarden til TV-aksjonen sundag 19. oktober. I år går inntektene til Atlas-alliansen og skal opna dørar for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom.
Les meir.
TV-aksjonen: Stort engasjement og gjevarglede
Fredag føremiddag var 10 personar på plass på Øygarden rådhus for å utfordra næringslivet til å støtta TV-aksjonen. I løpet av eit par timar kom det inn nesten 300 tusen kroner.
- Det er veldig gøy å vera med dette her i Øygarden, seier fylkesleiar for TV-aksjonen, Marthe Jansen.
Les meir.
Asfalterer Sotrabrua
Frå sundag 19. oktober kveld klokka 22.00 til måndag 20. oktober klokka 06.00 vert Sotrabrua asfaltert. Det same gjeld måndag kveld/natt til tysdag og tysdag kveld/natt til onsdag klokka 22.00 – 06.00.
Les meir.
Podkastepisode 18: - Over all forventning å vera fosterheim
Det er eit stort behov for fosterheimar i Noreg. Det gjeld også i Øygarden.
- Vi ønskte å hjelpa barn i nærmiljøet og skapa ein grunnmur for barnet. Det å vera fosterheim har gått over all forventning. Vi har fått mykje støtte og hjelp frå barnevernet, seier fostermor Anita.
Les meir.
Samla tilråding om planprogram til arealdelen til kommuneplanen
Kommuneplanutvalet har i ekstramøte på onsdag gjeve tilråding om forslaget til planprogram for arealdelen til kommuneplanen 2027-2039. Utvalet har samla seg om fleire endringspunkt. Framlegget til planprogram vert behandla av kommunestyret den 21. oktober.
Les meir.
Arbeider dag og kveld med Øygardskabelen
Statnett melder at det frå neste veke (42) vert arbeidd med Øygardskabelen mellom klokka 07.00 og 22.00 med grøfter og arbeid på bruer. Dette arbeidet, som altså startar 20. oktober, er planlagt fram til våren 2026.
Les meir.
Gjennomslag i vegtunnel i Arefjordpollen
Godt og vel eit halvt år etter at første salve vart avfyrt, ser ein no lys i begge endar av den 650 meter lange tunnelen i Arefjordpollen. Det er tunnelløpet i retning Bergen som i går ettermiddag (12. oktober) fekk gjennomslag. Gjennomslag i motgåande løp er venta innan kort tid.
Les meir.
Utvidar opningstida på innbyggartorg og bibliotek på Straume
Som del av eit pilotprosjekt finansiert av Kommunal- og distriktsdepartementet er no innbyggartorget i Øygarden ope heilt til klokka 21.00 frå måndag til torsdag. Første dag med utvida opningstid var tysdag 14. oktober.
Les meir.
No kan du foreslå kandidatar til Ungdomsrådet!
Ungdomsrådet (UR) i Øygarden kommune har 11 medlemmar som skal representera alle unge i kommunen, og møtast i formelle møte om lag annankvar månad.
Les meir.
Oppstart av opplæringsprogrammet Tidlig Inn
Torsdag 23. og fredag 24. oktober går startskotet for opplæringsprogrammet Tidlig Inn i Øygarden kommune. Om lag 70 tilsette, i hovudsak frå Familiehelsetensta og andre som møter gravide og småbarnsforeldre i si teneste, kjem til å delta. På utvalde kursdagar vil òg barnevernstenesta, Familiehjelpa og fleire andre samarbeidspartnarar bli inviterte inn.
Les meir.
Levande landbruk!
Har du gard, eller ein draum om å starte med gardsdrift? Driv du med attåtnæring – eller vurderer du å starta opp med noko i tillegg til landbruket? Då er du hjarteleg velkommen til inspirasjonssamling torsdag 20. november kl. 18.00 i kultursalen i Øygarden rådhus på Straume.
Les meir.
- Inspirerande og lærerikt besøk
Denne veka fekk Øygarden kommune besøk av kommunal- og distriktsdepartementet og åtte kommunar som saman med Øygarden er med i eit pilotprosjekt om nærtenestsenter. Utgreiingsleiar i departementet, Anne-Merete Halpern opplevde dette som eit nyttig besøk.
Les meir.
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (42)
- 13.10.: Interne møte
Koordineringsutvalet
Admnistrasjonsutvalet
Formannskapet - 14.10.: Møte med ordførar
Haustkonferanse KS (fellesorganisasjon for kommunane) - 15.10.: Kulturutvalet, Vestland fylke
- 16.10.: Sotra VGS
Opplærings og kompetanseutvalet
Medlemsmøte FrP - 17.10.: Seminar om byutgreiing
- 18.10.: Vigsel