Levande landbruk!Lytt til tekstenStopp avspillingHar du gard, eller ein draum om å starte med gardsdrift? Driv du med attåtnæring – eller vurderer du å starta opp med noko i tillegg til landbruket? Då er du hjarteleg velkommen til inspirasjonssamling!Vi ønskjer å samle små og store aktørar innan landbruket til ein kveld fylt med inspirasjon, deling og gode samtalar. Her får du møte andre som driv med, eller ønskjer å starte med attåtnæring til tradisjonell gardsdrift – som lokalmat, reiseliv, formidling, opplevingar eller tenester.Dato | Tid | StadTorsdag 20. november 2025 | Kl. 18.00 - 21.00 | Kultursalen, Øygarden rådhus, StraumeProgram:Velkomst og introduksjonKommunen deler korleis landbruk og attåtnæring blir løfta fram i arbeidet med ny kommuneplanens arealdel (KPA) – og korleis planarbeidet kan støtte opp under framtidsretta gardsdriftForedrag frå to inspirerande bønder:Ein gardbrukar frå Alver som har utvikla eiga drift med attåtnæring - Maya Fugelsnes Greve løftar fram dei mange moglegheitene som ligg i vestlandsgardane – og kvifor bønder har all grunn til å vere stolte av det dei skapar. Ein gardbrukar frå Aurland som har opna garden sin for turistar - Tone Rønnning Vike fortel sin gründerhistorie: “Fra forlatt gård til millionbedrift. Drøm eller mareritt?” Dialog og erfaringsutvekslingPåmeldingMeld deg på herFrist for påmelding er måndag 17. november.Samlinga er støtta avVestland FylkeskommuneVelkomen skal DU vere! Sist endra 13.10.2025 10.15