Tilrår å starta bygging av ny skule

Formannskapet går samrøystes inn for å starta arbeidet med å byggja Vestsida skule på Skålvika så raskt som mogleg (innan 2027). Det er føreslått at bygget skal dimensjonerast for 150-200 elevar.
- Dette er eit viktig tiltak for å møta behovet for elevplassar i området, heiter det i tilrådinga.

Formannskapet samla seg om eit fellesframlegg i saka om ny skule på vestsida. På biletet; gruppleiar i Arbeidarpartiet, Marianne Sandahl Bjorøy, og ordførar Tom Georg Indrevik (H). - Klikk for stort bileteFormannskapet samla seg om eit fellesframlegg i saka om ny skule på vestsida. På biletet; gruppleiar i Arbeidarpartiet, Marianne Sandahl Bjorøy, og ordførar Tom Georg Indrevik (H).

Formannskapet var samla til møte 13. oktober.

Tilrådinga var eit fellesframlegg frå Arbeidarpartiet, Høgre, INP, KrF, Sotralista-TVØ, SV og Frp. 

I fase eín skal det byggjast eit nytt skulebygg på Skålvika. For å koma raskt i gang med prosjektet, skal bygget altså dimensjonerast for 150 -200 elevar slik at det ikkje utløyser krav om regulering. I fase to skal det leggjast til rette for ei eventuell utviding av skulen i ein seinare fase (fase to), men det skal ikkje takast stilling til ei slik utviding no.  

Kommunedirektøren får fullmakt til å velja den anskaffingsmodellen som gjev raskast mogleg oppstart og framdrift i prosjektet. Dette kan omfatta val av entreprenør, kontraktsform eller andre praktiske løysingar. Kommunestyret ber om at det vert utarbeidd ei oppdatert kostnadsoversikt for prosjektet.

Det vert bedt om at kommunedirektøren kjem tilbake til kommunestyret med ei eiga sak som skildrar korleis vedtaket kan gjennomførast i praksis, inkludert framdriftsplan, økonomiske vurderingar og val av anskaffingsmodell.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret 21. oktober.

Tilrår å byggja sjukeheim 

Formannskapet tilrår framlegget frå plan- og miljøutvalet om at det vert etablert sjukeheim i Skipsdalen på Straume og at arbeidet vert starta opp snarast mogleg. Det er tilrrådd at sjukeheimen vert bygd med 80 plassar med fortrinnsvis ØLMS-standard, og med høve til å utvida med ytterlegare 40 heildøgns omsorgsplassar med døgntilsyn.

Elles vert det tilrådd at kommunedirektøren får fullmakt til å velja den mest formålstenlege gjennomføringsmodellen for å sikra framdrift, medrekna prefabrikerte løysingar. Det vert bede om at det vert lagt fram ei eiga sak november 2025 med forslag til etablering av 20 + 20 heildøgns omsorgsplassar i 2026 – 2027, og at dette erstattar ombygging av Straume bu- og servicesenter til heildøgns omsorgsplassar.

I formannskapet vart det presentert andre forslag som følgjer saka vidare til behandling i kommunestyret. Desse forslaga vart det ikkje røysta over. Forslaga omhandla mellom anna lokalisering og spørsmålet om det skal leggjast til rette for storkjøken i den nye sjukeheimen.

Saka går til behandling i kommunestyret.

ROS-analyse

Overordna risiko- og sårbarheitsanlayse (ROS-analyse) for Øygarden kommune vert tilrådd slik han ligg føre. Med utgangspunkt i sivilbeskyttelseslova skal kommunen forbetra eksisterande beredskapsplanar og utarbeida nye der det er nødvendig.

I tilrådinga heiter det vidare at beredskapsplanane skal innehalda ei oversikt over dei tiltaka kommunen har førebudd for å handtera uønskte hendingar. Planane skal mellom anna innehalda ein plan for kommunal kriseleiing, varslingslister, ressursoversikt, evakueringsplan og ein plan for informasjon til innbyggjarane og media.

Saka går til behandling i kommunestyret.

Eigarskapsmelding

Formannskapet sluttar seg til framlegget til revidert eigarskapsmelding og at kommunedirektøren får fullmakt til å oppdatera eigarskapsmeldinga kontinuerleg ved eventuelle endringar i eigarporteføljen eller styrerepresentasjon.
Endringane i forslag til revidert eigarskapsmelding handlar i all hovudsak om endringar i styre. I tillegg er eigarstrategiar til nokre av selskapa reviderte.

Eigarskapsmeldinga skal gje ei oversikt over kva selskap kommunen eig, og sikra tydelege styringssignal til selskapa. I tillegg skal eigarskapsmeldinga bidra til å avklara eigarskapspolitikken i kommunen, og slå fast oppgåve- og rollefordeling i eigarskapsforvaltingar.

Kommunestyret avgjer saka.

Står fast på vedtak om mellombels forbod mot tiltak

Formannskapet sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren og tilrår ikkje å omgjera vedtak i kommunestyret den 19. juni der mellombels forbod mot tiltak på Harkestad og i Svanevågen vart oppheva. Det vart vidare vedteke å leggja ned nytt mellombels forbod mot tiltak langs deler av røyrtraseen til Vestprosess, Troll kondensat, og Oseberg transportsystem.

Vedtaket i kommunestyret er klaga av Kjersti Semshaug og Anita og Geir Hellesø.

I tilrådinga til kommunestyret heiter det at ein kan ikkje sjå at klagen inneheld nye opplysningar som tilseier ei omgjering av vedtaket i kommunestyret 19. juni. Saka vert difor sendt til Statsforvaltaren i Vestland til endeleg avgjerd dersom kommunestyret står fast på innstillinga frå formannskapet.

Møteplan

Formannskapet tilrådde også møteplan for råd og utval  for 2026