Arbeider dag og kveld med Øygardskabelen

Statnett melder at det frå neste veke (43) vert det arbeid med Øygardskabelen mellom klokka 07.00 og 22.00 med grøfter og arbeid på bruer. Dette arbeidet, som altså startar 20. oktober, er planlagt fram til våren 2026.

- Ikkje køyr på raudt lys, minner Statnett om. - Klikk for stort bilete- Ikkje køyr på raudt lys, minner Statnett om.

Øygarden kommune og Vegdirektoratet har gjeve løyve til vidare arbeid med kabelen. 

- Fyllingen maskin vil dermed halda fram med grøftene og bruarbeida langs vegen og jobba lengre dagar for å sikra planlagt ferdigstilling i 2027, sier Hege Marie Wølneberg, som er senior prosjektleder i Statnett.  

Ver synleg og bruk refleks

Planen er at ordninga med lengre arbeidsdagar vil skje gjennom vinteren. Det er færre timar med dagslys i dette tidsrommet, og det er viktig å hugsa på ei tryggleik når ein ferdast langsvegane.

- Vi ber om at alle som syklar og går der vi jobbar, brukar lys og refleks. Anleggsmaskinar har blindsonar, der korkje bilar eller mjuke trafikantar er synlege. Det er viktig at alle som ferdast langs vegen viser varsemd, seier Wølneberg.

Sikker trafikkavvikling

For at trafikkavviklinga langs anleggsområda skal vera så sikker som mogleg, ber Statnett om at dei køyrande følgjer lysreguleringa. Dersom ein køyrer på raudt lys, set ein seg sjølv og andre for  fare.

Les meir på nettsida til Statnett.

På denne sida kan du tinga nyheitsbrev frå Statnett om Øygardskabelen.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Beate Hetlevik