Øygarden kulturskulekor var ein av mange aktørar fredag kveld.Ordføraren helsa spesielt til ein sentral person som diverre ikkje kunne vera med denne kvelden. Influensaen hadde slått primus motor for sang- og musikkrådet, Oddvar Rebnord, ut akkurat denne kvelden. Det var slett ikkje planen.
I løpet av godt og vel to timar fekk publikum flotte og kvalitetsfulle innslag som synleggjorde det store mangfaldet i kulturlivet i Øygarden.
Nestleiar i styret, Liv Edel Mikkelsen, styrde det meste bak scena og let sonen, Robert Mikkelsen, leia oss gjennom kvelden på stødig vis. Han gav ein god porsjon skryt til alle.
- Du var heise flink, sa Robert på godt strilamål.
Frå venstre; nestleiar i rådet, Liv Edel Mikkelsen, ordførar Tom Georg Indrevik og Geir Eikenes frå Vestland kulturrådOrdførar Tom Georg Indrevik understreka at krafta kjem nedanfrå og at sjølv om ein ikkje kan vedta kulturen, kan vi leggja til rette gjennom støtteordningar.
- Utan kultur er vi eit fattigare samfunn. Gjennom øvingar, kurs, konsertar og festivalar har song- og kulturrådet gjeve opplæring og vore arena for barn, ungdom og vaksne og skapt varige relasjonar og minne, sa ordføraren og takka alle som har bidrege til dette.
Tidlegare leiarar i rådet. Frå venstre; Ivar Einarsen, Roger Martin (sekretær), Svein Lie og Eivind Helland. Andre som har vore leiar, men som ikkje var til stades denne kvelden er Hans Olav Fjell, Stig Ludvigsen, Asbjørn Halsebakke, Terje Thomassen og noverande leiar Oddvar Rebnord.Korleis var det for 40 år sidan?
Gudveig Lillebø kåserte og fletta inn såpass mykje historie om rådet at nestleiar Liv Edel Mikkelsen kunne hoppa over mykje av det som hadde skjedd i song- og musikkrådet gjennom dei 40 åra.
- I radio hadde vi barnetimen, Ønskekonserten og «felegnikk», men Radio Luxenburg som spela syndig musikk, måtte vi lura oss til å lytta på, når foreldra var heimanfrå, sa ho.
Men kva hugsa Gudveig frå det som skjedde for 40 år sidan, i 1985?
- Sartor Senter var allereie på åttande året og hadde danka ut dei små daglegvarebutikkane på kaiane våre. Når folk flytta frå byen og hit, reiste strilande inn dit kvar morgon til jobb i butikk og fabrikk. Tilflyttarane sa ikkje «disse teite strilene» lenger med overberande stemmer. Nei nå var dei integrerte i samfunnslivet.
Gudveig LillebøHo fortalde at i 1985 vart muskikkråd stifta i både Fjell og Sund, men etter ei stund vart råda stifta av, men kom saman igjen. Det vart samarbeid over kommunegrensene og i 2006 slo dei to musikkråda seg saman til eitt råd. Seinare vart det kalla amatrørkulturråd, men då kommunane her vest vart slegne saman i 2020, slo dei frivillige råda seg i lag til Øygarden musikk og kulturråd.
- Eg er heldig
Kultursjef Marian Guddal Hansen var engasjert og stolt der ho stod framfor publikum fredag kveld.
Kultursjef Marian Guddal Hansen- Er ikkje eg heldig som får vera kultursjef i ein slik kommune, sa ho.
Ho synte til at i ei tid med høgt tempo treng vi noko som minner oss om kven vi er som menneske, fellesskap og samfunn.
- Då treng vi kulturen. Kulturen er sjølve limet i samfunnet som ser verda få fleire perspektiv. Kulturen får oss til å føla, tenkja og veksa. Takk for at de løftar fram kulturen kvar dag! sa kultursjefen.
Dagleg leiar i amatørkulturrådet i Bergen og styremedlem i Vestland kulturåd, Geir Eikenes, helsa til jubilanten frå Vestland kulturråd.
- Vi håpar på eit stor kulturhus her ute når det vert bygd ny vidaregåande skule. Vestland kulturråd vil heia på dette, sa han.
Roy VorlandRoy Vorland, som hadde fleire songinnslag denne kvelden, runda av ein nynorskversjon av Rod Stewarts I Am Sailing (Seglar heim).
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke