Humøret var på topp hjå dei som deltok i aksjonen fredag føremiddag.I år går inntektene til Atlas-alliansen. Pengane skal opna dørar for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Pengane skal gå til skulegang, helsetenester og naudhjelp og hjelpemiddel som skulebøker med punktskrift, rullestolar og protesar. Aksjonen skal gje 200 tusen menneske med funksjonsnedsetjingar og deira familiar eit betre liv.
Sparebanken Norge er opptellingsbank, og banksjef Camilla Nygård seier at det har vore gjevande å vera med på denne aksjonen.
- Eg opplevde å møta positive og kjekke folk. TV-aksjonen sel seg sjølv, og folk visste kva det handla om då vi tok kontakt. Dei eg ringde til var imøtekomande. Her var ingen sure miner, seier banksjefen.
Frå næringslivsaksjonen fredagGod energi i næringslivet
Det kom altså inn meir enn 50 bidrag og opp mot 300 tusen kroner dei to timane aksjonen gjekk føre seg. Det sig stadig inn meir pengar.
- Det vert gjennomført 22 næringslivsdugnader i Vestland fylke, og 32 kommunar er med på slike aksjonar. Det er ein god energi i næringslivet her i Øygarden. Målet i dag var å få 50 bidrag på denne økta, og det målet er passert, seier fylkesleiar Marthe Jansen.
Rådgjevar for frivilligheit på kulturkontoret, Julia Valeska Woehlert, er den frå administrasjonen som held tak i TV-aksjonen. Politisk er det leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, som dreg i trådane.
- Det er fantastisk at næringslivet stiller opp på dette. Det er kjekt å sjå engasjementet dei viser, og eg er imponert over arbeidsinnsatsen her i dag. No håpar eg at vi får fleire bøsseberarar til aksjonen på sundag. Det er behov i heile kommunen, særleg i nord og sør, seier han.
To ivrige innsamlarar; banksjef i Sparebanken Norge, Camilla Nygård, og næringssjef i Øygarden kommune, Marianne Furheim.Administrerande direktør i Sartor Holding, Astrid Aag, var ein av dei som deltok i aksjonen fredag føremiddag. Opplevingane hennar var gode.
- Alle eg ringde til, sa at dei ville gje minst like mykje som i fjor, seier ho.
Du kan også melda deg som bøsseberar her. Då vert du i etterkant kontakta av lokalkomiteen i Øygarden.
Les meir om TV-aksjonen her.
Tekst og foto: Vigleik Brekke