Børge Haugetun og Kenneth Sangolt (framme til høgre) saman med gjestene frå åtte kommunar.I løpet av to dagar var gjestene mellom anna på besøk på to av dei tre innbyggartorga og biblioteka (Straume, Rong).
- De har verkeleg fått innbydande og tilgjengelege møteplassar for innbyggjarane. Det var nyttig for oss å få innblikk i korleis pilotkommunen jobbar konkret med prosjektet og korleis servicetorga fungerer i praksis, seier utgreiingsleiaren.
Utgreiingsleiar Anne-Merete HalpernDen første dagen (tysdag) ønskte ordførar Tom Georg Indrevik deltakarane på pilotsamlinga velkomen på Thon Hotell Straume. Han viste til at Øygarden kommune er inspirert av ein borgarservicemodell frå Danmark om korleis dei møter innbyggjarane.
- Innbyggartorga og biblioteka er tatt ut av denne modellen. Alle desse er plasserte i kjøpesenter, og frå i dag (14. oktober) har vi utvida opningstida til klokka 21 på Straume. Dette er i grunnen det næraste vi kjem «kommune i butikk». Det er slik vi ønskjer å møta innbyggjarane i kommunen vår.
Ordføraren sa også at det er arrangement på innbyggartorga og biblioteka nesten kvar dag.
- Førehandsrøystinga på desse stadene i år slo positivt ut for valoppslutnaden. Vi må heile tida jobba med korleis vil skal nå ut til innbyggjarane. Sjølv om digitaliserer myrkje, vert det ikkje heildigitalt, sa ordførar Tom Georg Indrevik.
Ordførar Tom Georg IndrevikStatlege tenester i kommunane
Øygarden er med i eit treårig pilotprosjekt frå kommunal- og distriktsdepartementet som har som mål å utvikla statlege tenester nærare innbyggjarane. Øygarden kommune får 1,7 millionar kroner til eit pilotprosjekt for nærtenestesenter.
Dei ni kommunale pilotprosjekta som er med i pilotprosjektet er: Gamvik, Lebesby, Meløy, Nore og Uvdal, Tokke, Ulstein, Vanylven, Værøy (inklusive Røst, Flakstad og Moskenes) og Øygarden. Rundt 30 personar var med på samlinga i Øygarden 14. og 15. oktober.
Deltakarane var med på rundtur til innbyggartorga og biblioteka på Rong og Skogsskiftet med Børge Haugetun som guide og kjentmann.
Prosjektleiar Anne-Merete Halpern viste til døme på aktuelle pilotprosjekt som kan vera teoriprøve til førarkortet, opphaldskort og reisebevis for innvandrarar og første skattekort for innvandrarar.
- Pilotarbeid kan til tider vera frustrerande. Vi møter gjerne hinder på vegen, men vi må snu alle steinar for å få dette til, sa prosjektleiaren.
Tysdag 14. oktober kunne kultursjef Marian Guddal Hansen feira første dag med utvida opningstid på innbyggartorget og biblioteket på Straume.Ulike modellar
Midlane til pilotprosjektet kan gå til å dekkja dei nødvendige utgiftene til kommunen for å leggja til rette for at statlege publikumstenester kan tilbydast i, eller i tilknyting til det kommunale servicetorget eller andre lokale der kommunen allereie tilbyr publikumstenester.
Målet er å prøva ut ulike modellar for korleis statlege publikumstenester blir tilbodne i område der innbyggjarane har lange avstandar til desse tenestene. Det skal ikkje gjerast endringar i forvaltningsansvaret.
Her i Øygarden tilbyr ein allereie som del av prosjeketet:
Samtidig ser ein på Rong og Skogsskiftet:
- Korleis nytta meirope- og andre tekniske løysingar for å auka tilgjenge av tenestar?
Her er fleire bilete:
Tekst: Kenneth Sangolt/Vigleik Brekke
Foto: Amini Farshid