Gratis datahjelp til kommunale og statlege tenester

No kan du få enkel datahjelp til kommunale og statlege tenester på innbyggartorg og bibliotek. 

Tilsett hjelper innbyggar.  - Klikk for stort bileteDatahjelp på innbyggartorg og bibliotek. F. Amini

 

Ting time til gratis datahjelp på innbyggartorg og bibliotek!

 

Døme på type hjelp du kan få

  • Logga inn på statlege og kommunale tenester på nett.
  • Oppretta e-post, Digipost og liknande
  • Bli trygg på bruk av Bank-ID
  • Timebestillingar
  • ..og anna.  Spør oss!

 

Gratis

Hjelpa er gratis. Ho er for alle. Ingen aldersgrense. 

Straume

Hjelpa blir gitt på Innbyggartorg og bibliotek på Straume.

Bestille time

Du eller nokon som hjelper deg, kan bestilla time til datahjelp på nett:  Bestill time her.

Du kan også bestilla time ved å kontakta oss i skranken, eller ringja sentralbord på 56 16 00 00.

Du er i førarsetet

Vi hjelper deg å bruka statlege og kommunale tenester, men kan ikkje utføra noko på vegner av deg. Det har vi ikkje lov til.

Du brukar eige utstyr

Har du eigen PC eller mobil? Ta det med, så brukar du din eigen “duppeditt.” 

Pilot nærtenestesenter

Datahjelpa er ein del av den eksternt finansierte pilot for nærtenestesenter. Piloten har som mål å betra samarbeidet mellom kommune og stat. Det er av stor verdi både for den enkelte og det offentlege at innbyggjarar klarer å nytta dei tilgjengelege digitale tenestene.  

Meir informasjon?

Ta gjerne kontakt med prosjektleiar Farshid Amini, farshid.amini@oygarden.kommune.no