Innbyggartorget og biblioteket vera møteplassen mellom innbyggjarane og det offentlege.Kommunal- og distriktsdepartementet har løyvd 1,7 millionar kroner til prosjektet. Midlane kan gå til å dekkja dei nødvendige utgiftene til kommunen for å leggje til rette for at statlege publikumstenester kan tilbydast i, eller i tilknyting til, det kommunale servicetorget eller andre lokale der kommunen allereie tilbyr publikumstenester.
Det er leiar i service, Kenneth Sangolt, og avdelingsleiar innbyggartorg og bibliotek og konstituert kultursjef Yngvild Wiese som har arbeidd med pilotprosjektet i initiativfasen og sendt inn søknad. Dette er ei oppfølging av eit samrøystes kommunestyre som i desember 2022 vedtok å senda inn søknad om støtte og å delta i prosjektet.
Innbyggjaren i sentrum
Kenneth Sangolt seier at det er storvegs å verta vald ut til denne piloten. Det var mange om beinet. Dette gjev ekstra finansiering og kraft til å både forbetra tilbodet på innbyggartorg og bibliotek og å få prøvd ut nye løysingar.
- Forvaltningsnivåa i Noreg har stort potensiale for å samarbeida betre. Behovet øygardsfolket har for å få kontakt med det offentlege er ikkje isolert til det som kommunen åleine har ansvar for. I denne piloten set vi innbyggjaren i sentrum og ønskjer å forbetra informasjon om, og tilgang til både statlege og kommunale tenester, seier Sangolt.
Dei ni kommunale pilotprosjekta som er valde ut er: Gamvik, Lebesby, Meløy, Nore og Uvdal, Tokke, Ulstein, Vanylven, Værøy (inklusive Røst, Flakstad og Moskenes) og Øygarden.
Målet er å prøva ut ulike modellar for korleis statlege publikumstenester blir tilbodne i område der innbyggjarane har lange avstandar til desse tenestene. Det skal ikkje gjerast endringar i forvaltningsansvaret.
I Øygarden skal innbyggartorget og biblioteket vera møteplassen mellom innbyggjarane og det offentlege.
Resultat
Øygarden kommune har fire mål for pilotprosjektet:
- Alle tilsette på innbyggartorget og biblioteket skal få opplæring i Digihjelpen og tenestetilbodet til samarbeidande etatar.
- Ein skal utnytta mogleheitene innanfor "meiropetilbod" i biblioteket med semi-betente lokasjonar. Det skal leggjast til rette for utvida opningstider og videochat-betent innbyggartorg og bibliotek.
- Det skal etablerast tilbod om "skjemalos." Å kunna få det offentlege heim til seg skal bidra til at eldre kan bu trygt heime lengre.
- Det skal gjennomførast Kampanjedagar i samarbeid med offentlege etatar.
Øygarden kommune har invitert fleire etatar til å delta i prosjektet. Det er NAV, Kartverket, IMDi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet), Skatteetaten og Helfo. I tillegg kjem etablerte samarbeid med flreie kommunale etatar, organisasjonar og andre samfunnsaktørar.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Halvor Skurtveit