Oppstart av opplæringsprogrammet Tidlig Inn

Torsdag 23. og fredag 24. oktober går startskotet for opplæringsprogrammet Tidlig InnØygarden kommune. Om lag 70 tilsette, i hovudsak frå Familiehelsetensta og andre som møter gravide og småbarnsforeldre i si teneste, kjem til å delta. 

Berit Algrøy - Klikk for stort bileteBerit Algrøy Vigleik Brekke

På utvalde kursdagar vil òg barnevernstenesta, Familiehjelpa og fleire andre samarbeidspartnarar bli inviterte inn. 

– Dette er eit viktig løft i vårt arbeid med tidleg innsats. Gjennom Tidlig Inn får vi både ny kunnskap og eit felles rammeverk for korleis vi møter familiar tidleg og på ein heilskapleg måte, seier Berit Algrøy, einingsleiar for Familiehelsetenesta.

Programmet Tidlig Inn er ein del av kommunens førebyggande plan, og har som mål å styrkje tidleg innsats og samhandling rundt dei yngste barna og deira familiar. Gjennom opplæringa får deltakarane kompetanse i å avdekke og følgje opp alkohol- og rusvanskar hos gravide og småbarnsforeldre, samt auka kunnskap om psykiske reaksjonar, vald i nære relasjonar og komplekse familievanskar.

Opplæringa blir gjennomført av eit regionalt opplæringsteam samansett av ulike kompetansesenter, som KoRus, RKBU, RVTS og Bufetat. Kommunen står som praktisk arrangør (fristilling av deltakarane, lokalitetar, etc). Ut over dette er opplæringa gratis for kommunen.  Opplæringsprogrammet vil gå over om lag halvanna år.