Samla tilråding om planprogram for arealdelen til kommuneplanen

Kommuneplanutvalet har i ekstramøte på onsdag gjeve tilråding om forslaget til planprogram for arealdelen til kommuneplanen 2027-2039. Utvalet har samla seg om fleire endringspunkt.

Andreas Ormevik (MDG) presenterte fellesframlegget. - Klikk for stort bileteAndreas Ormevik (MDG) presenterte fellesframlegget.

Med planforslaget følgjer strategiar og prinsipp som viser kva verdiar kommunen skal bevara og korleis Øygarden skal utviklast for framtida. Dersom kommunestyret sluttar seg til tilrådinga, vil planen liggja ute til høyring i perioden 24. oktober til 7. desember.

Tilrådinga som går til endeleg behandling i kommunestyret er eit fellesframlegg frå FrP, H, V, Krf, Sotralista-TVØ, Ap, MDG og Raudt.

I eitt av endringsforslaga i tilrådinga er senterstrukturen justert ved at lokalsentera Toftøyna, Knarrvika og Møvika/Ulveset er tekne ut av sentrumsstrukturen. Dette vert grunngjeve med at det gjer det enklare å styrkja dei omkringliggande lokalsentera og tenestene som vert levert i desse, samstundes som ein kan vidareføra tilbod (t.d. butikk og skule) og arealformål som eksisterer utanfor den justerte sentrumsstrukturen.

Framlegget til planprogram vert behandla av kommunestyret den 21. oktober.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke