4,3 prosent i nominell vekst for Øygarden

I framlegget til statsbudsjett for 2026 er det lagt til grunn at Øygarden kommune får 3,1 milliardar kroner i frie inntekter (skatt og rammetilskot) i 2026.
- Vi er nøgd med dette, men vi treng kvar ei krone til omstillinga vi står overfor med fleire eldre innbyggjarar i åra som ligg framfor, seier kommunalsjef for Finans og økonomi, Anne Erdal.

Kommunalsjef for Finans og økonomi, Anne Erdal. - Klikk for stort bileteKommunalsjef for Finans og økonomi, Anne Erdal.

I framlegget frå regjeringa er det gjort eit anslag på kor mykje kommunane får i frie inntekter. Øygarden kommune får 129 millionar kroner i auka inntekter (4,3 prosent). Kommunalsjefen minner om at det trengs mykje midlar i åra framover til skular og sjukeheim.

Regjeringa føreslår ein realvekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på 4,2 milliardar kroner neste år. I framlegget skriv regjeringa at mange kommunar melder om ein krevjande økonomisk situasjon etter svake resultat i 2024 og at regjeringa har bidrege til at sektoren har fått rekordhøg vekst i frie inntekter i 2025 på om lag 15 milliardar kroner.

− Vi skal halda fram med å styrkja kommuneøkonomien, slik at kommunane kan levera gode tenester til innbyggjarane sine innanfor skule, barnehage og eldreomsorg også i framtida, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.

Fjernar ordninga med gratis ferje

Regjeringa føreslår å avvikla ordninga med gratis ferje. Regjeringa legg til rette for at samband som har vore gratis vil inngå i ordninga med reduserte ferjetakstar. Dette får mellom anna konsekvensar for ferjesambandet Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy- Hjellestad som no er gratis.

-Ordninga med gratis ferje gitt fleire negative konsekvensar for  lokalbefolkninga, næringa og fylkeskommunane. Mellom anna har det ført til auka trafikk, unødvendig bruk av ferja, kø og køyretøy som står att på kaien, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Omtale av Øygarden kommune

I framlegget til samferdslebudsjett er det sett av 7,75 milliardar kroner i OPS-midlar til mellom anna Sotrasambandet. Dette beløpet inkluderer mdlar til E10/riksveg 85 Tjeldsund–Gullesfjordbotn–Langvassbukt i Nordland og Troms (OPS: Offentleg privat samarbeid).

Regjeringa skriv at prosjektet Sotrasambandet omfattar 9,4 km firefelts veg frå kryss med fylkesveg 562 ved Storavatnet i Bergen kommune til kryss med fylkesveg 561 ved Kolltveit i Øygarden kommune. 4,6 km av den nye vegen går i tunnel. I prosjektet inngår ny firefelts bru på 900 meter med separat gang- og sykkelveg og tre mindre bruer. Anleggsarbeida startet i 2023, og prosjektet er venta å opna for trafikk i 2027.

Det er også sett av midlar til å følgja opp byvekstavtalen (Miljøløftet). 

- Det er prioritert midlar til å starta enkelte nye tiltak, mellom anna Skogsskiftet sentrumsområde i Øygarden kommune, skriv regjeringa i framlegget til statsbudsjett for 2026. 

Dette prosjektet (Skogsskiftet) ligg inne med 25 millionar kroner. Bildøyvegen/Straumsundet bru er oppført med 16,4 millionar kroner. *

Det var i 2020 det vart inngått byvekstavtale for perioden 2019–2029 mellom Samferdsledepartementet og dåverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Vestland fylkeskommune og kommunane Bergen, Askøy, Øygarden, Alver og Bjørnafjorden.

Også landanlegget til Northern Lights i Øygarden er omtalt i framlegget til statsbudsjett. Ved utgangen av 2024 stod landanlegget klart for mottak, transport og lagring av CO2. Anlegget består av ein mottaksterminal for CO2-skip, eit mellomlageranlegg og eit pumpesystem for injeksjon. Opninga av anlegget vart markert 26. september 2024, og prosjektet gjekk ved årsskiftet over i driftsfasen med første CO2-leveranse førebudd for injeksjon i 2025.

På nettsida til regjeringa er heile statsbudsjettet presentert.
 

  • oppdatert kl. 14.41

    Tekst og foto: Vigleik Brekke