Utvidar opningstida på innbyggartorg og bibliotek på Straume frå 14. oktober
Som del av eit pilotprosjekt finansiert av Kommunal- og distriktsdepartementet er no innbyggartorget i Øygarden ope heilt til klokka 21.00 frå måndag til torsdag.
Frå venstre; Kristine Vik og Sabine Gottwald skal vera vertskap på kveldstid i prosjektperioden. Torill Martinson lærer dei opp.Første dag med utvida opningstid er tysdag 14. oktober.
– Vi har registrert at mange ønskjer å ordna praktiske ting etter arbeidstid. No prøver vi dette ut som ein del av piloten, seier kultursjef Marian Guddal Hansen.
Målet med den utvida opningstida er å gje betre tilgjenge til statlege og kommunale tenester. Som del av prosjektet testar ein korleis tilgjengeleg teknologi som kunstig intelligens kan nyttast som hjelp i fyrstelinja.
– Vi ønskjer å sjå korleis tilsette gjer seg erfaringar med ein teknologi som etter kvart er moden og korleis publikum reagerer på dette, seier utviklingsleiar Kenneth Sangolt.
Opningstidene gjeld fram til 30. mars 2026.
Her kan du lesa meir om pilot nærtenestesenter:
Øygarden får 1,7 millionar til pilot for nærtenestesenter - Øygarden kommune
Eit hestehovud framfor dei andre - Øygarden kommune
Publisert 13.10.2025 14.19