Eit hestehovud framfor dei andre
Den 6. februar 2025 tok Øygarden kommune ved kultursjef Marian Guddal Hansen, prosjektleiar Farshid Amini og utviklingsleiar Kenneth Sangolt imot forskarar som ville sjå nærare på våre innbyggartorg og bibliotek.
Besøk i «bibliotekhagen» på Straume. Frå venstre: Marian Guddal Hansen, Bjørn Bråstad, Børge Haugetun, Farshid Amini, Kristin Reiestad, Kenneth SangoltØygarden er med i eit pilotprosjekt frå kommunal- og distriktsdepartementet som har som mål å utvikla statlege tenester nærare innbyggjarane. Øygarden kommune får 1,7 millionar kroner til eit pilotprosjekt for nærtenestesenter.
Dagen vart innleia av at utvalsleiaren i plan- og miljøutvalet, Børge Haugetun, fortalde om samanslåinga av dei tre gamle kommunane og korleis den danske borgarservicemodellen har vore ei inspirasjonskjelde for dei politiske vedtaka. Haugetun forklarte at etableringa av innbyggartorg og bibliotek var ein del av eit ynske om å skapa arenaer med aktivitet, arrangement for alle innbyggjarar, samtidig som ein har eit godt tilbod til dei som er udigitale.
Følgjeforskarane Bjørn Brastad og Kristin Reiestad frå Oxford Research i Kristiansand fekk ein hektisk dag der dei var innom både Straume, Rong og Skogsskiftet. Der fekk dei møta Astrid Rustad og Sabine Gottwald på Rong, medan Beate Moldøen og Kenneth Johannessen tok vel imot dei i Skogsskiftet.
Forskar Bjørn Brastad uttalte: - Øygarden er eit hestehovud framfor dei andre kommunane i måten dei tenkjer om innbyggarservice.
He er fleire bilete:
Publisert 18.02.2025 23.12