Podkastepisode 18: - Over all forventning å vera fosterheim

Det er eit stort behov for fosterheimar i Noreg. Det gjeld også i Øygarden. 

- Vi ønskte å hjelpa barn i nærmiljøet og skapa ein grunnmur for barnet. Det å vera fosterheim har gått over all forventning. Vi har fått mykje støtte og hjelp frå barnevernet, seier fostermor Anita.

Ho er ein av gjestene i denne episoden av podkasten Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.

Kontaktperson i barnevernet for fosterheimar i Øygarden, Christine Johannessen Klementsen, seier at fosterheim er ein vanleg heim for barn som tar imot barn som har behov for hjelp og som ikkje kan bu hjå sine biologiske foreldre.

- Det viktigaste er at du har hjarterom, seier ho.