Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 14.

Gjorde vedtak i sak om omstilling og effektivisering

Kommunestyret vedtok torsdag å ta forslaget frå kommunedirektøren i saka om omstillings- og effektiviseringsarbeidet til orientering. Med 29 røyster vedtok kommunestyret eit framlegg i sju punkt fremja av frå Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ, Venstre og Pensjonistpartiet.
Les meir.

Kommunestyret på energitur 

Det handla om olje, gass, karbonfangst og lagring då kommunestyret på torsdag i forkant av kommunestyret var på rundtur nord i kommunen. Dei folkevalde besøkte oljeterminalen på Stura, gassprosessanlegget på Kollsnes og Northern Lights i Energiparken. Frå mars 2024 er namnet på dei to anlegga på Stura og Kollsnes samla til Equinor Øygarden.
Les meir.

Her kan du søkja i digitalt arkivmateriale 

Via Digitalarkivet kan du søkja i strukturerte data og digitaliserte fotografi, lesa fulltekstavskrifter, bla i skanna bilete, sjå videoar og/eller høyra digitalisert lyd. Digitalarkivet er ope for alle og gratis å ta i bruk. Kvart år får kommunen tilsendt visningsstatistikk over talet visningar av materiale som er publisert til Digitalarkivet. Øygarden kommune har hatt 596 023 visningar av digitalisert materiale.
Les meir.

Sjefsskifte i Northern Lights

Den 1. mai overtar Tim Heijn som administrerande direktør i Northern Lights. Han overtar etter Børre Jacobsen som har leia selskapet dei tre og eit halvt siste åra. 
- Det har vore ei fantastisk reise saman med dyktige medarbeidarar, sa Jacobsen då han og den nye direktøren møtte kommuneleiinga denne veka.
Les meir.

Jubilerte for Allsong+

Torsdag 4. april feira vi 1-årsjubileum for Allsong+ med bursdagssong, kake, flagg og kaffi.
Les meir.

- Dette var eit nyttig kurs

Fredag 5. april deltok fem medlemer i råd for menneske med nedsett funksjonsevne (RFF) i Øygarden kommune på opplæringsdag.
Les meir.

Skal lesa om heile verda i tre veker

Klokka ni på den første skuledagen etter påskeferien var alle elevane på Spildepollen skule samla i amfiet for å markera oppstarten av eit leseprosjekt over tre veker.
- Eg er Harry Potter. Hjarteleg velkomen til dei dei fantastiske vekene der vi skal lesa og verta kjend med mange land i verda, sa Svein Yndestad Eide som saman med Hermine (Trine Sangolt) ønskte elevane og dei tilsette velkomen til startmarkeringa.
Les meir.

- Vi må læra oss sjølv å kjenna

Fredag 5. april var startskotet for «Slik gjer vi det i Øygarden». Leiar i service, Kenneth Sangolt, kalla det for pangstart. Føredragshaldar Trond Haukedal innfridde og gav forsamlinga på 160 medarbeidarar ein leksjon, inklusive ein god porsjon med muntre historier, i korleis vi kan byggja karakterar.
Les meir.

Opna Ungdommens Badmintonmeisterskap

Denne helga (5. – 7. april) har Sotra Badminton Club fått oppdraget med å arrangera den prestisjefulle Sparebanken Vest Ungdommens Badmintonmesterskap. Ordførar Tom Georg Indrevik stod for den offisielle opninga i Sotra Arena.
Les meir.

Tilrår sak om omstilling og effektivisering

Formannskapet tilrår samrøystes ta forslaget frå kommunedirektøren i saka om omstillings- og effektiviseringsarbeidet til orientering. Formannskapet var samla til møte tysdag. I tilrådinga til kommunestyret heiter det at utvala skal haldast fortløpande orientert om utviklinga i dei ulike delprosjekta. Det totale omstillingsbehovet med innsparingskrav skal vedtakast av kommunestyret og innarbeidast i økonomiplanen 2025-2028.
Les meir.

- Utan Fredriks hjelp hadde eg ikkje vore her i dag

Fredrik Storesund Øksnes (20)  frå Foldnes fekk måndag tildelt redningsdåd frå Carnegies Heltefond for Norge. Den 12. juni 2021 redda han Vidar Fløysand (64) frå drukningsdød i Skiftedalsvatnet like ved Foldnes kyrkje. Det var ordførar Tom Georg Indrevik som overrekte bronsemedalje og diplom.
Les meir.

Stengjer tunnel mot vest på riksveg 555

Helga 5. - 8. april vert tunnelen mot vest i Damsgårdtunnelen stengt på grunn av gravearbeid under oppgraderinga.
Les meir.