Her kan du søkja i digitalt arkivmateriale

Via Digitalarkivet kan du søkja i strukturerte data og digitaliserte fotografi, lesa fulltekstavskrifter, bla i skanna bilete, sjå videoar og/eller høyra digitalisert lyd. 

Ill.foto. Første side frå møtebok frå formannskapsmøte i Sund 21.10. 1876 - Klikk for stort bileteIll.foto. Første side frå møtebok frå formannskapsmøte i Sund 21.10. 1876

Digitalarkivet er ope for alle og gratis å ta i bruk.

Kvart år får kommunen tilsendt visningsstatistikk over talet visningar av materiale som er publisert til Digitalarkivet. Øygarden kommune har hatt 596023 visningar av digitalisert materiale.

Fagleiar på dokumentsenteret, Birte Young, opplyser at den mest populære visinga på Digitalarkivet frå Øygarden kommune er ein møteprotokoll for formannskapet  i perioden 1981-1982. Her har det vore 7024 visningar.

Fjell, Sund, Herdla og Hjelme kommunar er knytte til Øygarden kommune på Digitalarkivet.

Ver merksam på at det berre er arkiv som er eldre enn 100 år som er publisert fritt. Arkiv yngre enn 100 år krev individuell brukartilgang.

Dei digitaliserte arkiva kan du sjå her.