Jubilerte for Allsong+

Torsdag 4. april feira vi 1-årsjubileum for Allsong+ med bursdagssong, kake, flagg og kaffi.

Kake - Klikk for stort bilete

Først var det ein flott songtime leia av Solveig Konstanse Algerøy.

Styreleiar i Treff+, Berit Anita Knudtsen Larsen takka, alle initiativtakarar og eldsjela som fekk ballen til å rulla, sponsorar og ikkje minst alle deltakarar.

-    Det er synd at eg ikkje tenkte på at det var kommunestyremøte. Men uansett blei eldsjelene heidra, dei som sette i gang «ballen» og ekstra merksemd til vår generalsponsor Sparebanken Vest, sa Knudtsen Larsen.

Dette gjorde dei 178 bursdagsgjestane ekstra glade. I snitt er det 140 songglade seniorar som stiller kvar torsdag.

Med desse ekstramidlane er dette populære tilbodet sikra også det neste året.

Her er fleire bilete:

Solveig Konstanse Algrøy - Klikk for stort bilete
Berit Anita Knudtsen Larsen - Klikk for stort bilete



Tekst og foto: Unni Sørensen