- Utan Fredriks hjelp hadde eg ikkje vore her i dag

Fredrik Storesund Øksnes (20) frå Foldnes fekk måndag beløning for redningsdåd frå Carnegies Heltefond for Norge. Den 12. juni 2021 redda han Vidar Fløysand (64) frå drukningsdød i Skiftedalsvatnet like ved Foldnes kyrkje. Det var ordførar Tom Georg Indrevik som overrekte bronsemedalje og diplom.

Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Fredrik Storesund Øksnes og Vidar Fløysand. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Tom Georg Indrevik, Fredrik Storesund Øksnes og Vidar Fløysand.

Det var ein del vind og straum den 12. juni for knappe tre år sidan, men alt låg til rette for at Vidar skulle ein fin symjetur saman med venen Fredrik. Dei skulle symja over eit sund i Skiftedalsvatnet på 100-150 meter. Men så oppstod det dramatikk.

-    Eg trudde eg var 25 år og overvurderte den fysiske forma. Eg vart heilt utmatta. Det svartna for meg, og eg hugsar ikkje noko før eg hadde blitt redda i land, seier Vidar.

Men kva skjedde eigentleg?

Fredrik hadde kome seg til land då han såg at Vidar kava i vatnet. Han ropa til han, men fekk ikkje noko svar. Vidar går under vatnet to gonger, så er han borte.

Den då 17 år gamle Fredrik kasta seg i vatnet og sumde utover alt han makta. Han såg Vidar liggja livlaust på botnen i  vatnet om lag tre meter under vassflata bevisstlaus.  

-    På det første forsøket fekk eg smerter i hovudet og øyrene. Eg fekk tak i Vidar, men eg gjekk tom for luft og måtte koma meg opp igjen for å få meir luft. Vidar vart liggjande. Eg vurderte å gje opp, men gjorde eit nytt forsøk. Eg klarte å få Vidar opp til overflata etter at eg no måtte ned mot fem meter for å få han opp, seier Fredrik.

Fredrik fekk halt stefaren om lag 25-30 meter inn mot land. Det var for bratt til å få Vidar trygt på land. Fredrik pressa Vidar rundt magen for å få han til å spy alt vatnet han hadde svelgd. 

-    Vidar hadde no vakna, og eg måtte be han halda fast i bergveggen. 80 meter unna låg det ein flåte som eg fekk dradd inn mot Vidar. Eg fekk han opp på flåten. Så fekk eg dradd flåten med Vidar inn mot ei brygge i motvind om lag 100 meter unna, seier Fredrik.

Mora til Fredrik er nær venn av Vidar og filma den siste delen av heltedåden då Vidar vart dradd inn mot land på flåten.

- Fredrik redda livet mitt!

- Vidar Fløysand er tydeleg på at Fredrik Storesund Øksnes redda livet hans.

-    Utan den heltemodige innsatsen til Fredrik, hadde eg ikkje vore her i dag. Eg har takka han mange gonger. Eg har fått ein ekstra fødselsdag, den 12. juni. Dette markerer vi kvart år, seier er tydeleg rørt Vidar.

Vidar er til dagleg sjåfør for Sotra Sportsklubb og bur på Hjelteryggen. Fredrik, som bur på Foldnes, har teke lærlingutdanning i gjenvinningsfaget og er arbeidssøkjande.

Ordførar Tom Georg Indrevik er imponert over det Fredrik gjorde denne dagen.

-    Det viser at det å handla når ulukka er ute, er av uvurderleg betydning. Eg forstår det slik at du har ekstra god kunnskap om livredning. Det er viktig å ha den grunnleggjande kunnskapen du har. Du sette ditt eige liv i fare for å redda Vidar, sa ordføraren før han overrekte medaljen og diplomen.

Fredrik Storesund Øksnes har fått beløning for redningsdåd frå Carnegies Heltefond for Norge for denne redningsdåden. Les meir om heltefondet her.
 

Her kan du lesa oppslag i Vestnytt om heltedåden.


Tekst og foto: Vigleik Brekke