Sjefsskifte i Northern Lights

Den 1. mai overtar Tim Heijn som administrerande direktør i Northern Lights. Han avløyser Børre Jacobsen som har leia selskapet dei tre og eit halvt siste åra. 
- Det har vore ei fantastisk reise saman med dyktige medarbeidarar, sa Jacobsen då han og den nye direktøren møtte kommuneleiinga denne veka.
 

Frå venstre; Tim Heijn, Tom Georg Indrevik og Børre Jacobsen.  - Klikk for stort bileteFrå venstre; Tim Heijn, Tom Georg Indrevik og Børre Jacobsen.

Jacobsen har leia selskapet med dei dei tre eigarane Equinor, Shell og TotalEnergies. Desse tre partnarane har arbeidd saman om prosjektet sidan 2017, og i 2021 vart selskapet Northern Lights Joint Venture lansert der målet er å vidareutvikla CCS (Carbon capture and storage) ved å fanga og lagra CO2. I haust vil mottaksterminalen i Øygarden vera klar til å ta imot CO2. I løpet av året vil dei to første skipa som skal frakta CO2 til Øygarden vera klare. I 2026 kjem det til to ytterlegare skip.

Etter at CO2 er frakta til Øygarden med skip, vert han mellombels lagra på anlegget i Energiparken før han vert transportert for permanent lagring i eit reservoar som ligg 2 600 meter under havbotnen. Det starta med åtte tilsette. No er 60 personar engasjerte i Northern Lights JV (Joint Venture). Det er inngått kommersielle kontraktar om mottak av CO2 med Yara International  og Ørsted.

I møtet med avtroppande og påtroppande sjef for Northern Lights understreka Tom Georg Indrevik at det har vore eit svært godt samarbeid mellom kommunen og selskapet. 

-    Det er her det grøne skiftet skjer. Det er ikkje berre snakk, men handling. Vi har opplevd stor interesse frå inn og utland. Berre frå Malaysia kom det ein delegasjon på 30 personar. Eg forstår det slik at det pr. dato har vore over sju tusen besøkande på anlegget, sa ordføraren og viste til at dette prosjektet verkeleg set Øygarden på kartet. 

Mottaksterminalen i Energiparken (april 2024) - Klikk for stort bileteFrå mottaksterminalen i Energiparken (april 2024)

Lys framtid

Den nye administrerande direktør Tim Heijn er utlånt fra TotalEnergies og har med seg to tiår med internasjonal industrierfaring frå i TotalEnergies, Maersk Oil og Shell. Introduksjonsprosessen starta allereie i mars for å sikra ein saumlaus leiarovergang. Heijn flytta i mars i år fra Houston til Stavanger med kone og to barn.  

-    Eg ser ei lys framtid for Northern Lights. Det er gode moglegheiter for å ekspandera. Potensialet er stort. Medarbeidarane eg har møtt er svært motiverte og innstilte på å følgja strategien til selskapet, sa Tim Hein som ser fram til å halda fram med å utvida og kommersialisera CCS og Northern Lights.
Det er inngått to kommersielle avtalar for transport og lagring av CO2. Styreleiar i Northern Lights, Svein Skeie, seier at under leiinga til Børre Jacobsen har Northern Lights gått frå å vera eit prosjekt til ei frontløparverksemd.

-    Vi er i rute, og mottaksterminalen er klar til å ta imot CO2 i som planlagt til hausten. Noko av det eg har sett mest pris desse tre og eit halvt åra som leiar er at eg fekk vera med og leia teamet vi har bygd frå åtte personar i starten til nærare 60 personar i dag. Det har vore ei fantastisk reise saman med flotte folk. Alle var innstilte på at dette skulle skje, sa han.

Den avtroppande administrerande direktøren rosa også samarbeidet mellom kommunen, naboane og Northern Lights. Samarbeidet med ordførar Tom Georg Indrevik har vore godt.

-    Eg har promotert Northern Lights. Du har promotert Øygarden kommune. Begge har vi promotert CCS, konkluderte Børre Jacobsen.

Den 21. april er det open dag på anlegget til Northern Lights i Energiparken kl. 1200 – 15.00.


Tekst og foto: Vigleik Brekke