Skal lesa om heile verda i tre veker

Klokka ni på den første skuledagen etter påskeferien var alle elevane på Spildepollen skule samla i amfiet for å markera oppstarten av eit leseprosjekt over tre veker.
- Eg er Harry Potter. Hjarteleg velkomen til dei dei fantastiske vekene der vi skal lesa og verta kjend med mange land i verda, sa Svein Yndestad Eide som saman med Hermine (Trine Sangolt) ønskte elevane og dei tilsette velkomne til startmarkeringa.
 

Frå venstre; Victoria Kviet Kute Gourand, Tom Georg Indrevik, Mathea Telle og Alexandra Busomoke. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Victoria Kviet Kute Gourand, Tom Georg Indrevik, Mathea Telle og Alexandra Busomoke.

Ordføraren var også til stades og fekk æra av å klippa snora godt assistert av elevrådsrepresentantar. Sjølv opplevde ordføraren det som elev utfordrande å lesa. 

- Det er utruleg viktig å lesa. No skal de med lesinga «reisa» til mange land. De kan ikkje no reisa desse stadene sjølv, men de kan drøyma dykk til desse landa. Det er viktig at alle deltek i leseprosjektet på sine eigne nivå, sa ordføraren.

Leseprosjektet er utforma i samband med språkkommuneprosjektet i Øygarden og Lexplore. Elevane og trinna samlar poeng og flagg. Rektor Linda Selheim seier at Spilepollen har gjort det godt i lesing på nasjonale prøvar.

- Vi er nå ferdige med å kartleggja leseferdigheitene til alle elevane, seier rektoren på startdagen for leseprosjektet. 

Populært med lesing

No skal elevane lesa seg rundt i verda. Det var Alexandra Busomoke, Victoria Kviet Kute Gourand og Mathea Telle som assisterte ordføraren under snorklippinga.

- Eg likar best å lesa romantiske bøker. Eg har no lese To all the boys I`ve loved before (Jenny Hann). Dette ein serie på tre bøker, seier Victoria som i leseprosjektet gjerne vil lesa om Japan.

- Eg tykkjer det er spennande med krimbøker og dikt. Eg har nyleg lese spenningsromanen Hevnen, seier Alexandra som kan tenkja seg å verta meir kjend med Italia.

- Krim er favoritt hos meg, seier Mathea som har lese Dronen og vil sjå etter lesestoff om Portugal i leseprosjektet.

Dei tre elevane fortel at alle elevane startar dagen med lesekvarteret. Dette er noko dei set pris på.

- Vi går på skulebiblioteket og låner bøker eín dag kvar veke. Det er bra utval av bøker i biblioteket, men av og til manglar det gjerne nokre enkeltbøker når vi les seriebøker, seier dei tre.

Lærarkoret - Klikk for stort bilete
Elevane var samla i amfiet. - Klikk for stort bilete
Elevar framførte Nations of The world i eit imponerande tempo - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke