- Dette var eit nyttig kurs

Fredag 5. april deltok fem medlemer i råd for menneske med nedsett funksjonsevne (RFF) i Øygarden kommune på opplæringsdag.

Frå venstre; Øystein Nesse, Yngvild Skaar, Kenneth Hjortland, Lisbeth Hjortland og Christel Borge Bersaas-Nesse. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Øystein Nesse, Yngvild Skaar, Kenneth Hjortland, Lisbeth Hjortland og Christel Borge Bersaas-Nesse.

Det var RFF frå heile Vestland fylke som var samla i Vestlandshuset denne dagen. Leiar i RFF Øygarden Ingvild Skaar seier at på kurset fekk deltakarane læra om rolla som folkevald i rådet og korleis rådet kan påverka og korleis ein kan løfta fram CRPD i kommunen (CRPD: FN- konvensjon om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne). 

-    Eg opplevde kurset som svært nyttig. Vi lærte mykje som vi vil hjelpa oss og bidra som ein ressurs for kommunen. Dette vil vi ta med oss i arbeidet videre, seier Skaar. 

Frå Øygarden deltok også Christel Borge Bersaas-Nesse, Øystein Nesse, Kenneth og Lisbeth Hjortland.

Tema på opplæringsdagen var mellom anna grunnleggjande om råd for personar med funksjonsnedsetjing, arenaer og regelverk, rettar og plikter og aktuelle tema i det kommunale rådet.

Arrangørar var rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Vestland, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon Vestland (FFO), Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) Sørvest/Nordvest.