- Vi må læra oss sjølv å kjenna

Fredag 5. april var startskotet for «Slik gjer vi det i Øygarden». Leiar i service, Kenneth Sangolt, kalla det for pangstart. Føredragshaldar Trond Haukedal innfridde og gav forsamlinga på 160 medarbeidarar ein leksjon, inklusive ein god porsjon med muntre historier, i korleis vi kan byggja karakterar.

Trond Haukedal og Johnny Breivik framfor deltakarane på samlinga 5. april. - Klikk for stort bileteTrond Haukedal og Johnny Breivik framfor deltakarane på samlinga 5. april.

Trond Haukedal er utdanna som psykolog. Han har bakgrunn som senterleiar og annonsesjef i avis. Frå 1994 har han halde foredrag for bedrifter, kommunar og organisasjonar.

Overskrifta på foredraget til Haukedal var «Frå kommunetilsett til Øygarden kommuneambassadør». På ein arbeidsplass er det viktig å opparbeida psykologisk tryggleik. Ifølgje Trond Haukedal handlar det om å kunna seia kva ein meiner, dela kompetanse og vera seg sjølv utan å vera redd for represaliar eller andre sosiale sanksjonar. 

- Vi er i dag svært hekta på meistring i staden for heller å ha ein kultur for prøving og feiling. Vi må læra oss sjølve og eigenskapane våre. La oss byggja opp sjølvkjensla Det største hinderet for å prestera maksimalt er låg sjølvkjensle, sa Haukedal.

Han viser til at vi opparbeider «kjenslemessig eigenkapital» ved å gje rom for vilkårslaus kjærleik og å vera i staden for å prestera, framsnakka i staden for baksnakka, bli sett og ikkje avvist og inkluderande i staden for styrande.

Trond Haukedal - Klikk for stort bileteTrond Haukedal

«Slik gjer vi det»

Det var kommunedirektør Johnny Breivik som innleia pangstarten for «Slik gjer vi det i Øygarden». Han viste til prosjekt «Øygarden 2040».

- Behova i 2040 er noko heilt anna enn behova i dag. Korleis skal vi løysa oppgåvene fram mot 2040? Vi skal utvikla oss saman med samfunnet rundt oss. Omstilling betyr kjempestore moglegheiter, sa kommunedirektøren og viste til fleire tiltak og prosjekt som til dømes Framtidssamfunnet, Leiingskompasset og Relasjonell kapasitet.

Kenneth Sangolt presenterte prosjektet «Slik gjer vi det i Øygarden». Dette er eit fundament og verdigrunnlag for kommunen for korleis vi skal byggja opp kvarandre som medarbeidarar og opptre overfor innbyggjarane våre. 

- Dette er eit resultat etter eit godt samarbeid med tillitsvalde og fleire andre medarbeidarar. Mange vil nok oppleva mykje av dette som sjølvsagt, sa Sangolt då han presenterte plakaten «Slik gjer vi det». Hovudpunkta i plakaten er:

  • Vi er tilgjengelege for, og hjelper våre kollegaer
  • Vi hjelper ein innbyggar som tek kontakt
  •  Vi er på saka
  • Vi brukar klart språk
  • Vi tek innbyggaren på alvor
     
Kenneth Sangolt - Klikk for stort bileteKenneth Sangolt


Dei neste opplæringsdagane vert 26. april og 14. mai (busstur). Det vert også sendt ut små kunnskapsdrypp undervegs på e-post og på intranett.


Tekst og foto: Vigleik Brekke