Gjorde vedtak i sak om omstilling og effektivisering

Kommunestyret vedtok torsdag å ta forslaget frå kommunedirektøren i saka om omstillings- og effektiviseringsarbeidet til orientering. 

Frå kommunestyremøtet 4. april. På talarstolen Andreas Ormevik (MDG). - Klikk for stort bileteFrå kommunestyremøtet 4. april. På talarstolen Andreas Ormevik (MDG).

Med 29 røyster vedtok kommunestyret eit framlegg i sju punkt fremja av frå Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ, Venstre og Pensjonistpartiet.

I vedtaket heiter det mellom anna at kommunestyret har som målsetting i arbeidet med omstillings- og effektiviseringsarbeid å få kontroll på meirforbruket i budsjettet, samstundes som det er ein intensjon om å fasa ut 30 prosent av eigedomskatten frå driftsbudsjettet i løpet av økonomiplanperioden. Den økonomiske effekten av omstillingsarbeidet slik som vedtatt i budsjett og økonomiplan for 2024-2027, skal førast i eige rekneskap sett i forhold til opphavleg budsjett, budsjettendringar og rekneskapstal. Her kan du lesa heile vedtaket. (PDF, 76 kB)

Mindretalet (Arbeidarpartiet, SV, Senterpartiet, MDG, Raudt og INP (Industri- og næringspartiet)) røysta for det første punktet i innstillinga frå formannskapet der det heiter at kommunestyret tar saka om omstillings- og effektiviseringsarbeidet til orientering.

I saka viser kommunedirektøren til at investeringsbehova til kommunen er vesentleg høgare enn det investeringsramma per i dag kan handtera. Det inneber at det framover på arbeidast med tiltak for å redusera investeringsbehova og å skapa eit større økonomisk handlingsrom.

Det er også gjort greie for korleis administrasjonen skal organisera og strukturera omstillings- og effektiviseringsarbeidet. Dette vil gå føre seg på tvers av kommunalsjefområda og omfatta driftstilpassing administrasjon, driftstilpassing Oppvekst, Framtidssamfunnet, vidareutvikling Kultur og samfunn, kompetanse og bemanningssenter og omstilling Helse og velferd. 

I saka understrekar kommunedirektøren at god kommunikasjon både internt og eksternt vert ein viktig faktor for å lukkast med omstillingsarbeidet. Dette må mellom anna gjerast i tett dialog med tillitsvalde og vernetenesta. 
I økonomiplan 2024-2028 , som har overskrifta  «Tid for omstilling», er det vist til ein økonomisk effekt av omstillingsarbeidet på 62 millionar kroner i 2024, 85 millionar kroner i 2025, 112 millionar kroner i 2026 og 124 millionar kroner i 2027.

Skal arbeida vidare med søknad om delvis fritak av bompengar

Kommunestyret vedtok at administrasjonen skal arbeida vidare med søknad om delvis fritak for bompengar for innbyggjarane på Bjorøyna og Tyssøyna på nytt Sotrasamband. 

Søknaden må innehalda ei presisering om at fritaket gjeld reiser til og frå kommunesenteret.

Bakgrunnen for saka er spørsmål i kommunestyret i november om ordføraren ville ta initiativ til å senda ein søknad om delvis fritak for innbyggjarane på Bjorøyna og Tyssøyna for det nye Sotrasambandet som opnar 1. juni. Innbyggjarar på dei to øyane må gjennom Bergen kommune og forbi bompengesnitt for å koma til ulike tenester i kommunen, som lege, tannlege eller foreldremøte på ungdomsskulen. 

Ønskjer ikkje å ta over fylkesvegstrekningar

Kommunestyret ønskjer primært ikkje å overta eigarskap til fem fylkesvegstrekningar frå Vestland fylkeskommune. 
Dette er ei høyring, og det er fylkesutvalet som gjer vedtak i saka. Det er totalt 7,3 kilometer fylkesveg det er aktuelt å overta.

I uttalen frå kommunestyret heiter det også at dersom Vestland fylkeskommune vedtek ei omklassifisering, skal vegstrekningane minst oppgraderast til den standarden rundskriv 97/13 krev før kommunal overtaking.
I saka skriv kommunedirektøren at forventa driftskostnader med dei fem vegstrekninga vil utgjera om lag 1,8 millionar kroner i driftsutgifter i året. Midlar som fylkeskommunen får overført til vedlikehald av fylkesvegar, vert ikkje vidareført til kommunen ved kommunalt eigarskap.

Tilstandsrapport om barnevern

Kommunestyret tok tilstandsrapport for barneverntenesta 2023 tok til orientering. Kommunestyret ønskjer vidare at dei faglege utfordringane som barnevernstenesta rapporterer om, blir framheva i saksframlegget ved neste tilstandsrapport.

Etter forslag frå Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ, Pensjonistpartiet og Venstre vart det samrøystes vedteke ei tilleggsformulering der det heiter at kommunestyret ikkje kan sjå at arbeidet så langt med etablering av ein omsorgsinstitusjon samlokalisert med eit ressurssenter svarer ut kommunestyrevedtaket i  67/2023. Kommunestyret ber om ei tilbakemelding om det vidare arbeidet med prosjektet med tanke på å søkja om statleg mefinansiering.

I rapporten går det fram at verktøya skal bidra til å betra kvaliteten på vurderingar knytt til kontakt mellom barn og foreldre etter ei omsorgsovertaking og vurderingar knytt til om, og eventuelt når, barna skal flytte tilbake til sine biologiske foreldre, går det fram av tilstandsrapporten. 

- Øygarden kommune er i tillegg ein sentral pådrivar i den nasjonale utfordringa med å rekruttera fleire  fosterheimar gjennom eit anna prosjekt. Målet med dette prosjektet er å mobilisera innbyggjarane i  kommunen til å verta interessert i fosterheimsarbeid, står det i rapporten.

I rapporten er det vist til fleire satsingsområdet i tida som kjem. Det er kompetanseheving og rettleiing for tilsette, fokus på vald og overgrepssaker, utviding «landsbytankesettet» og ressurshus.

Forvaltningsrevisjon 

Kommunestyret tok rapporten etter gjennomført forvaltningsrevisjon av tverrfagleg samarbeid i tenester til barn og unge i Øygarden til etterretning. I vedtaket er det i punkt to spesifisert  korleis kommunedirektøren skal følgja opp rapporten. 

Kommunedirektøren skal utarbeida ein handlingsplan innan 15. august i år som viser kva tiltak som skal setjast i verk for å følgja opp punkt to i vedtaket, kva tid tiltaka skal setjast i verk, status i arbeidet og kven som skal ha ansvar for iverksetjinga. 

Kommunestyret slutta seg til eit tilleggsframlegg fremja av FrP, Høgre, Sotralista-TVØ, KrF, Pensjonistpartiet og Venstre om at kommunestyret ber om at oppfølginga av handlingsplanen som skal leggjast fram for kontrollutvalet innan 15.08.2024 også blir lagt fram for levekårsutvalet.

Finansrapport pr.31. desember 2023

Kommunestyret tok finansrapport per 31. desember 2023 til orientering slik han låg føre. 
Ein stresstest viser eit mogleg tap på om lag 28,8 millionar kroner i høve kommunen si samla finansforvaltning per 31. desember 2023. Tapspotensialet er innanfor dei rammene som Øygarden kommune har høve til å operera i. Det er ikkje teke vesentleg finansiell risiko.

Avviste klage på delegert vedtak

Kommunestyret behandla ei klage på delegert vedtak om godkjenning av endring av detaljregulering for Fløsteinspollen, Nordre Bjorøyna. Klagarane stiller spørsmål om vilkåra for å behandla endringa etter forenkla prosess var oppfylt. Det vart elles klaga på plassering av renovasjonsareal og leikeareal, utsiktstap, og endra arealføremål i strandsona og vist til private rettar som følgje av jordskiftedom. Kommunestyret slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om at kommunen ikkje kan sjå at klagen inneheld nye opplysningar som tilseier ei anna vurdering enn det som vart lagt til grunn då kommunen behandla planen. Saka vert sendt til Statsforvaltaren til endeleg avgjerd. 

Årsmeldingar

  • Årsmelding for eldrerådet 2023 
    Kommunestyret tok eldrerådet si årsmelding for 2023 til orientering slik ho låg føre.
     
  • Årsmelding for råd for personar med funksjonsnedsetjing
    Kommunestyret tok årsmeldinga for 2023 til orientering.
     
  • Årsmelding for ungdommens kommunestyre (UKS)
    Årsmeldinga for 2023 vart vedteken slik ho låg føre.

Gav fullmakt til å peika ut styremedlemer

Kommunestyret vedtok å gje kommunedirektøren fullmakt til å peika ut ein representant til tre aksjeselskap der kommunen har eigardel. Dette gjeld Bergen Hamn Utvikling AS, Bergen Havn Ågotnes og Ågotnes Næringspark AS.


Tekst og foto: Vigleik Brekke