Kommunestyret på energitur

Det handla om olje, gass, karbonfangst og lagring då kommunestyret på torsdag i forkant av kommunestyremøtet var på rundtur nord i kommunen. 

Sjef for Equinor Øygarden, Bjarte Padøy, orienterte om Stureterminalen og Kollsnes prosessanlegg. - Klikk for stort bileteSjef for Equinor Øygarden, Bjarte Padøy, orienterte om Stureterminalen og Kollsnes prosessanlegg.

Dei folkevalde besøkte oljeterminalen på Stura, gassprosessanlegget på Kollsnes og Northern Lights i Energiparken. Frå mars 2024 er namnet på dei to anlegga på Stura og Kollsnes samla til Equinor Øygarden.

Driftssjef på mottaksterminalen til Northern Lights i Energiparken, Geir Grøttveit, orienterte om Northern Lights. Dette er ein del av Langskipprosjektet. Equinor skal ha drift- og vedlikehald av mottaksterminalen i Energiparken. Det er venta at dette anlegget vil gje mellom 10 og 14 arbeidsplassar.

Etter at CO2 er frakta til Øygarden med skip, vert han mellombels lagra på mottaksanlegget i Energiparken før han vert transportert for permanent lagring i eit reservoar som ligg 2 600 meter under havbotnen.

- Vi er i rute for å levera frå 2025. For tida vert den siste delen av røyrleidningane lagt ned. Anlegget er ferdig bygd ut i september, og flytande CO2 kjem med skip til Northern Lights frå oktober/november av, sa Geir Grøttveit. 

Mottaksanlegget til Northern Lights i Energiparken vil til hausten vera klar til å ta imot CO2. - Klikk for stort bileteMottaksanlegget til Northern Lights i Energiparken vil til hausten vera klar til å ta imot CO2.

Olje og gass

Stureanlegget har i desse dagar passert 35 år etter opninga i mars 1989 ved Kong Olav. Olja kjem i røyr frå Oseberg og Grane og tilstøtande felt. Det kjem stabil og ustabil råolje og kondensat frå felta. Den ustabile råolja er stabilisert til salskvalitet, medan naturgassveskene (NGL) blir fraksjonert vidare og ført i Vestprosess-røyret til Mongstad for videre prosessering.

- På det meste hadde vi over 300 skipsanløp til Stureanlegget. I dag er det om lag 150 anløp i året, sa sjef for Equinor Øygarden, Bjarte Padøy.

Padøy og kommunikasjonsleiar Kjersti Nordøy orienterte om Kollsnes prosessanlegg. Anlegget vart opna av Kong Harald i 1996. Gassen kjem frå Troll, Kvitebjørn, Visund og Fram. Gassen kjem i røyr til anlegget på Kollsnes. Etter prosessering går gassen i røyr til kontinentet. 

- 43 prosent av all norsk gasseksport kjem frå dette anlegget. Vi dekkjer gassbehovet til 18 millionar husstandar i Europa, sa Padøy.

Equinor har fått tildelt lisens for lagring av CO2 i reservoaret Smeaheia. Dersom ein endar opp med ei løysing med landanlegg, står lokaliseringa for landanlegget mellom Mongstad i Alver og Stura i Øygarden. 

Kjersti Nordøy understreka at Equinor har eit godt samarbeid og god dialog med kommunen. Det er mellom anna faste halvårlege møte mellom kommunen og selskapet. Selskapet gjev også økonomisk støtte til lokalt frivillig arbeid.  

Her er fleire bilete:

Kommunestyret samla i konferansesal på Kollsnes. - Klikk for stort bilete
Kollsnes prosessanlegg - Klikk for stort bilete
Kollsnes prosessanlegg - Klikk for stort bilete
Mottaksanlegget i Energiparken - Klikk for stort bilete
Administrasjons- og visningssenteret til Northern Lights i Energiparken. - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Kjersti Nordøy, Geir Grøttveit og Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Kommunestyret i konferansesal i administrasjons- og visningssenteret til Northern Lights i Energiparken. - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Frå bussen - Klikk for stort bilete
Vasstårnet på Stureterminalen - Klikk for stort bilete
Stureterminalen - Klikk for stort bilete
Stureterminalen - Klikk for stort bilete


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland og Vigleik Brekke