Familiar som får sosialhjelp eller har søkt om det, kan Nav hjelpe deg å søkje om pengar til utstyr og medlemsavgift slik at ungdom under 18 år kan vere med på sport og fritidsaktivitetar sjølv om familien har dårleg råd. Kontakt NAV Øygarden
Basecamp har gratis sommaraktivitetar og mykje anna for barn og ungdom i alderen 13-20 år. Ta kontakt med Basecamp
Kraftsenteret for aktivitet i underetasjen til Grønamyrsvegen 4 tilbyr gratis aktivitetar for ungdom i alderen 14-19 år i samarbeid med Way Forward. Det er òg musikkstudio, kjøkken og høve til å låne sportsutstyr. Kontakt Way Forward
Utstyr til sport og fritid kan du låne via Way Forward eller frå BUA, utstyrsbua på Ågotnes.
Fritidsklubb er eit alkoholfritt tilbod der barn og ungdom frå 5. klasse og oppover kan møte kvarandre og delta i aktivitetar.
Innbyggartorga og biblioteka har gratis tilbod og tenester til alle aldersgrupper. Her finn du bøker, lydbøker, ebøker, film og musikk. Du kan låne fiskestenger, redningsvestar og dataspel, eit rom å møtast i, eller vere med på aktivitetar og arrangement som kodekurs, Pokemonklubb, verkstader, lesegrupper og teaterframsyningar. Sjå meir på www.bibvest.no
På aktiv kommune finn du mange lag og organisasjonar som tilbyr aktivitetar.