Redusert foreldrebetaling - barnehage

Ordninga gjeld for familiar eller hushald som har låg inntekt. Eit hushald skal ikkje betale meir enn 6 % av brutto årsinntekt for ein barnehageplass. Du må sjølv søkje i Vigilo, og søknad vert behandla ut frå hushaldet si samla inntekt.

Søknaden gjeld for maksimalt eitt år om gongen. Det må søkjast på nytt kvart år, og seinast innan 1. juli for at søknad skal være ferdig behandla til nytt barnehageår i august. Dersom det vert søkt etter 1. august, vil vedtaket være gjeldande frå første heile månad etter søknadstidspunktet til 31. juli neste år. Søknad om reduksjon for foreldrebetaling gjeld for både private og kommunale barnehagar.

Inntekt som blir lagt til grunn er samla person- og kapitalinntekt i hushaldet. Dersom hushaldet si samla inntekt har gått ned sidan siste sjølvmelding, må du dokumentere dette når du søkjer.

Hushald: ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei siste 18 månadene. NB! Gjeld anten ein har felles barn eller ikkje. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

Ordninga blir ikkje gjeven med tilbakeverkande kraft.

Døme på redusert betaling

Illustrasjon: Døme på betaling for to barn i ein familie på fire. - Klikk for stort bileteIllustrasjon: Døme på betaling for to barn i ein familie på fire.

Gratis kjernetid - 20 timar per veke

Familiar eller hushald med samla personinntekt under 642 700,- kan søkje om fritak for betaling for 20 timar per veke. Ordninga gjeld for 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn som har utsett skulestart.  Gratis kjernetid er gjeldande frå og med august det året barnet fyller 2 år.

Ordninga blir ikkje gjeven med tilbakeverkande kraft.

Slik søkjer du

Det er kommunen barnet er folkeregistrert i som skal behandle søknad om reduksjon. I Øygarden kommune er det same skjema for begge ordningane.

Frå og med 1. april kan du søkja om redusert foreldrebetaling for neste barnehageår.

Søk om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i Vigilo foreldreportal eller bruk Vigilo app.

Her finn du:

Har du plass i annan kommune eller bur ikkje i Øygarden?

Innbyggjarar i Øygarden med plass i barnehage i annan kommune kan ikkje søkje om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid på knappen over, men må sende søknad her: Dette skjemaet skal berre nyttast dersom du har barnehageplass utanfor Øygarden kommune.

Om du bur i ein annan kommune, men har plass i barnehage i Øygarden, skal du søkje til eigen kommune.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. juli kvart år om du vil ha søknaden behandla innan nytt barnehageår tek til i august. Etter søknadsfristen vert søknadene behandla fortløpande, og er gjeldande frå månaden etter at det vart søkt.

Klage

Du har rett til å klage. Ei eventuell klage må vere skriftleg og sendast til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong. Klagefristen er 3 veker etter at vedtak er motteken.