SkuleskyssLytt til tekstenStopp avspillingRetten til skuleskyss gjeld til/frå skuletida/undervisningstida. Retten til skuleskyss gjeld ikkje til/frå leksehjelp eller skolefritidsordning (SFO). Avstanden mellom skule og heim må overstiga 2 km for 1. klasse i grunnskolen 4 km for 2. til 10. klasse i grunnskolen 6 km for vidaregåande skule Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare veg eller gang- og sykkelsti. Elevar i grunnskulen som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til fri skuleskyss uavhengig av avstanden mellom skule og heim. Funksjonshemma elevar og elevar som er mellombels skadde eller sjuke kan søkja om særskilt skyss på medisinsk grunnlag. Denne type skyss-søknad krev legeerklæring. Søk skuleskyss Sjå fullstendig skyssreglement for grunnskulen. Søknad om skuleskyss Kontakt den aktuelle skulen for å få hjelp til å søkja om skuleskyss. Publisert20.08.2019 08.17 Sist endra01.02.2021 08.40