12 timars gratis SFO for 1. klassingar frå hausten 2022

Regjeringa har signalisert at frå skulestart hausten 2022 får alle barn på 1. trinn gratis SFO i 12 timer kvar veke. Det betyr at dei som har deltidsplass som er inntil 12 timer i veka vil få denne gratis, og at prisen for et heiltidstilbod også vil bli rimelegare.

Søkja, endra eller seia opp SFO-plass

Skulefritidsordninga (SFO) er eit pedagogisk tilbod før og etter skuletid for elevar frå 1. til 4. klasse og for elevar med særskilte behov frå 1. til 7. klasse.

Har du barn med særskilte behov i 5. - 7. klasse? Tilbodet for denne gruppa er gratis dersom eleven har sakkyndig uttale, der hovuddiagnosen tilseier at det er til beste for eleven å ha plass i SFO. Kommunen kan likevel krevje betaling for kost.

Søknadsfristen for hovudinntak er 15. april, men du kan søkja om plass for barnet ditt året rundt. 

Frist for oppseiing/endring av plass er den 15. i kvar månad. Ved oppseiing eller endring av plass etter 15. april, må ein betale for SFO-plassen ut skuleåret.

Søkja, endra eller seia opp plass i SFO

Opningstid

Ordinær SFO er open alle dagar det er skule. Vanleg opningstid er før og etter skuletid frå kl 07.00 (07.30) – 16.30 (17.00 gjeld berre Rong, Toftøy og Tjeldstø). SFO har felles planleggingsdagar med skulen. Sjå oversikt over planleggingsdagar her

Ferie-SFO

Her finn du informasjon, pris og søknadsskjema for ferie-SFO. Søknadsfrist er i høve vedtektene 4 veker før den aktuelle ferien.

Betaling for SFO-plass

Prisar per månad for SFO-plass.

Pris og betaling - SFO
Type plass Antall timar Opphaldstid 2022
Heil plass (gjeld berre Rong og Tjeldstø) 5 Kl 07.00-17.00 3 095
Ordinær heil plass 4,5 Kl 07.00-16.30 2 729
Redusert plass 3,5 Kl 07.00-15.30 2 170
Etter skuletid (gjeld berre Rong, Toftøy og Tjeldstø) 3,5 Til kl 17.00 2 170
Etter skuletid 3 Til kl 16.30 1 885
Etter skuletid 2,5 Til kl 15.30 1 580
Morgonopphald 1,5 Kl 07.00 til skulestart 940
Kriseplass (per veke) 790
Kriseplass (per dag) 330
Kriseplass (per time) 82
For sein henting, per påbegynte halvtime 280
Ferie-SFO 915

Søskenmoderasjon

  • Barn nr 2 - 30 %
  • Barn nr 3 og oppover - 50 %

NB! Gratisplass for barn med særskilte behov i 5. – 7. trinn, gir ikkje søskenmoderasjon for yngre søsken.

Prisar for SFO-plass - 1. klassingar

Prisar for SFO-plass - 1. klassingar
Type plass Pris per månad for SFO Årleg betaling SFO Innslagspunkt der årleg betaling blir 6%
Heil plass Rong og Tjeldstø 1 607 16 070 267 833
Heil plass ordinær 1 241 12 410 206 833
Redusert plass 682 6 820 113 667
Etter skuletid 3 timar 397 3 970 66 167
Etter skuletid 2,5 timar 92 920 15 333
Morgonopphald Gratis Gratis Gratis