Ferie-SFO

SFO følgjer skuleruta. Det er tilbod om ferie-SFO i haust- og vinterferie, og i sommarferie – inntil 2 veker i juni etter at skulen tek ferie, og inntil 2 veker i august før skulestart på nokre skular. SFO er stengd i juli.

Ferietilbodet i sommar-, haust- og vinterferie vert lagt til enkelte skular i kommunen etter behov.

Spesialavdelinga på Hjelteryggen skule har eige ferietilbod. Tilbodet er ope for barn med spesielle behov frå alle skulekrinsar i kommunen.

Oversikt over skular som tilbyr ferie-SFO

  • Bjorøy skule
  • Brattholmen skule
  • Foldnes skule
  • Rong skule
  • Spildepollen skule
  • Ågotnes skule
  • Hjelteryggen skule (spesialavdelinga - for barn med spesielle behov)

Søk ferie-SFO

Påmeldingsskjema ferie-SFO

Søknadsfrist for haustferie-SFO 2022 er 11. september.

NB! Påmeldinga er bindane.

Opningstid

Ferie-SFO er ope frå kl 7.00 til 16.30. Kortare opningstid i samband med søkjarbehov.

Her finn du oversikt over ferie og fridagar for grunnskulane

Pris og betaling

Pris per veke for ferie-SFO er kr 915.
Pris for elevar på 1. trinn er kr 680. Elevar på 1. trinn har rett på 12-timars gratis også i ferie-SFO.
Det er ingen søskenmoderasjon for ferie-SFO.