Søkje, svare, endre eller seie opp barnehageplass

Nytt barnehageår startar 15. august. For å ha rett på tilbod om barnehageplass ved hovudopptaket, må du søkje innan 1. mars, og barnet må vere fylt 1 år innan 30. november det året det vert søkt om plass frå.

Hovudopptak

Barn med lovfesta rett til plass er garantert eit tilbod ved hovudopptaket, og denne retten er innfridd når du får eit tilbod om barnehageplass i ein barnehage i bustadskommunen. Dette er barn som oppfyller følgjande kriterium:

  • Søkjar innan frist 1. mars
  • Fyller 1 år innan utgongen av november det året det vert søkt om plass frå
  • Er busett i Øygarden kommune når nytt barnehageår tek til  i august

Barn som fyller 1 år innan august, har rett på eit tilbod frå august. Barn som fyller 1 år i løpet av september, oktober og november, har rett på eit tilbod frå den månaden barnet fyller 1 år.

Barn utan lovfesta rett vil få tilbod om barnehageplass dersom det er ledig plass når hovudopptaket er avslutta. Hovudopptaket vert avslutta når alle med lovfesta rett til plass har fått eit tilbod. 

Lovfesta rett til barnehageplass er oppfylt når du får eit tilbod om plass i Øygarden kommune, uavhengig av om du får tilbod om plass i ønska barnehage eller annan barnehage.

Søk om barnehageplass

Det er same søknadsprosess for kommunale og private barnehagar. Når du søkjer må du logge deg inn med BankID. Du må ha personnummer til deg sjølv og barnet, e-postadresse og mobilnummer. Dersom du venter på personnummer, må du ta kontakt med barnehagemynde på telefon 56 16 16 00

Det er berre den/dei som har foreldreansvar som kan søkje, endra og sei opp barnehageplass. Personopplysningane vert henta frå Folkeregisteret og Kontakt- og reservasjonsregisteret, og foreldra må sørgje for at informasjonen er riktig. Foreldreansvar endrar du inn i Folkeregisteret og kontaktinformasjon oppdaterer du inn i Kontakt- og reservasjonsregisteret.

Foreldre som skal søkje barnehageplass til barn som ikkje har plass frå før, må bruke eiga lenke:

Søk ny barnehageplass

Når plass er tildelt, kan du gjere endringar via Vigilo foreldreportal:

Søk om overføring/endre plasstype i Vigilo foreldreportal

Her finn du:

 

Svar på tilbod om barnehageplass

Svar på tilbod om barnehageplass vert sendt elektronisk til e-post registrert i kontakt- og reservasjonsregisteret. Du må svare på tilbodet i søknadsportalen. Dersom ikkje svar vert registrert innan frist, kan du miste tilbodet om plass, og må evnt. registrere ny søknad.

Oppseing, permisjon og endre plass

Barnehagemynde
E-post
Telefon 56 16 00 00