Betaling for barnehage

Foreldrebetaling i barnehage er regulert i «Forskrift om foreldrebetaling i barnehager». Maksimalgrensa for betaling vert fastsett av Stortinget. Kommunen har ulike moderasjonsordningar ut frå foreldre si inntekt og tal søsken som har barnehageplass.

Kort fortalt

  • Du betalar frå den månaden (oppstartsdato) barnet ditt starter i barnehagen.
  • Kostnad for mat kjem i tillegg.
  • Du betalar for elleve månader i året. For kommunale barnehagar er det betalingsfri i juli.
  • Familiar med fleire barn i barnehage i same kommune betalar mindre.
  • Familiar med låg inntekt kan ha krav på redusert foreldrebetaling.
  • For søknader før 1. august, gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august til 31. juli neste år. Dersom det vert søkt etter 1. august er vedtaket gjeldande frå første heile månad etter søknadstidspunkt til 31. juli neste år.

Pris for barnehageplass

Makspris for ein barnehageplass vert bestemt av Stortinget. Frå 1. august 2024 er maksprisen for foreldrebetaling kr. 2 000,- per månad for heiltidsplass. Matpengar kjem i tillegg til det du betaler for barnehageplassen. Maksprisen gjeld for alle barnehagar, uavhengig av om dei er privat eller kommunal.

Barnehageplass
Plasstype Pris 01.08.2024 (pr. mnd)
Inntil 50 t/v 2 000
Kostpengar (kommunale barnehagar) 330
For sein henting per påbegynt halvtime (kommunale barnehagar). Det vert ikkje gitt søskenmoderasjon ved for sein henting av fleire barn. 305

Søskenmoderasjon

Foreldre med meir enn eitt barn i barnehage i same kommune skal ha søskenmoderasjon. Denne vert berekna slik:

  • For første barn må du betale ordinær pris.
  • For barn nummer to er det 30% søskenmoderasjon.
  • For barn nummer tre eller fleire er det 100% søskenmoderasjon

Det er ikkje naudsynt å søkje om ordninga, denne vert rekna ut automatisk. Søsken må bu i same hushald. Redusert pris for søsken gjeld ikkje mellom barnehage og SFO.

Redusert foreldrebetaling

Ordninga gjeld for familiar eller hushald som har låg inntekt. Eit hushald skal ikkje betale meir enn 6 % av brutto årsinntekt for ein barnehageplass.  

Du må sjølv søkje om redusert foreldrebetaling i Vigilo. Søknader vert behandla ut frå hushaldet si samla inntekt.

Her finn du meir info og søknad om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

Faktura

Spørsmål vedrørande faktura vert retta direkte til styrar i barnehagen.

Byte fakturamottakar

Dersom det er ønskje om å byte fakturamottakar, skal det sendast meling direkte til styrar i barnehagen. Ny fakturamottakar må også stadfeste endringa. 

Feil i faktura

Dersom det er feil i faktura, eller faktura ikkje er motteken må du ta kontakt med styrar i barnehagen. 

Ikkje betalt faktura

  • Kommunale barnehagar: Manglande betaling for barnehageplass vil medføre at kravet vert sendt til inkasso. Kommunen kan varsle om oppseiing av plassen ved vesentleg mishald.
  • Private barnehagar: I private barnehager gjeld den einskilde barnehage sine vedtekter og reglar vedrørande betaling.

Lovar og reglar

Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar.