Redusert foreldrebetaling - SFO
Årleg foreldrebetaling i SFO for eleven skal ikkje utgjera meir enn 6 prosent av inntektene til hushaldet.
Foreldre må søkja om redusert foreldrebetaling.
Når kommunen innvilgar søknaden, justerer vi prisen for SFO‑plassen slik at betalinga ikkje overstig 6 prosent av inntekta i hushaldet.
Det er enkelt å søkja. Du treng ikkje lasta opp vedlegg, fordi Øygarden kommune hentar inn dei likningsopplysningane som er nødvendige for å behandla søknaden.
Dersom du har andre opplysningar om inntekta i hushaldet som ikkje kjem fram av skattemeldinga, må du lasta opp dokumentasjon og senda denne elektronisk saman med søknaden.
Slik søkjer du
Du søkjer via Vigilo foreldreportal under menypunktet Søknadar.
Søk om redusert foreldrebetaling SFO via Vigilo foreldreportal
Søknadsbehandling
Med hushald meiner vi ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar.
Som sambuarar reknar vi to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller som har felles barn.
Er søkjaren sambuar utan felles barn, må søkjaren opplysa kommunen om dette.
Bur foreldra til barnet kvar for seg, og bur barnet fast hos begge foreldra, legg kommunen til grunn inntekta i hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, når vi vurderer etter denne føresegna.
Med inntekta i hushaldet meiner vi samla brutto personinntekt etter skattelova kapittel 12, samt skattepliktig kapitalinntekt.
Dersom skattestyresmaktene ikkje kan utlevera grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet, og kommunen av den grunn ikkje kan fatta vedtak før 1. august, må kommunen be søkjaren om å levera skattemeldinga for det siste året. Søkjaren må i tillegg leggja ved dokumentasjon på eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt.
Betaling for kost kan koma i tillegg.
Foreldrebetalinga for SFO i Øygarden varierer både etter plasstype ved den enkelte skulen og mellom skulane.
Sjå oversikta under for å finna samanhengen mellom plasstype og inntektsnivå i hushaldet.
Prisar for SFO-plass - 1., 2. og 3. klassingar
Frå skulestart hausten 2024 får også barn på 3. trinn gratis SFO i 12 timer kvar veke. Det betyr at 1., 2. og 3. klassingar som har deltidsplass som er inntil 12 timer i veka vil få denne gratis, og at prisen for et heiltidstilbod også vil bli rimelegare.
Eit hushald med ei årleg inntekt på 400 000 kr får denne reduksjonen:
6 prosent av 400 000 kr = 24 000 kr
Det betyr at den årlege foreldrebetalinga for SFO ikkje skal vera høgare enn 24 000 kr for eleven frå dette hushaldet.
Døme på utrekning:
Ordinær heil SFO‑plass: 2 795 kr per månad
(27 950 kr per år)
Maks betaling etter 6‑prosentregelen: 24 000 kr per år
Forskjell: 3 950 kr
Den årlege foreldrebetalinga vert dermed redusert med 3 950 kr.
Kommunen justerer den månadlege SFO‑fakturaen i tråd med vedtaket.
Sist endra 19.05.2026 12.42