Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit gratis helsetilbod for ungdom opp til 23 år. Du treng ikkje bestilla time. Møt opp i opningstida og du får koma inn så snart vi er ledig

NB! Redusert opningstid

Helsestasjon for ungdom er ikkje ope for drop-in. Du må bestille time ved å sende SMS "treng time" til 971 01 024, så avtalar vi tid med deg.

Kva kan vi hjelpa deg med?

Du kan få informasjon, samtale og hjelp når det gjeld fysisk, psykisk og seksuell helse. Vi har teieplikt.

Aktuelle tema:

  • Fysisk helse
  • Psykisk helse
  • Seksuell helse, inkludert prevensjon
  • Rus
  • Generelle problemstillinger du ønskjer å snakka med helsesjukepleiar eller lege om

Kven jobbar her?

Helsesjukepleiar og lege (måndag og tysdag).

Opningstid

Vi har redusert opningstid i skuleferiane. 

Her finn du oss

Vi held til i 4.etg. på Sartor Storsenter. Enkel tilkomst frå gågate. 

Vi er på Snapchat - Følg oss

Klikk for stort bilete  

Helsestasjon for ungdom
Telefon 55 09 68 02

Opningstider

Måndag kl. 13.00 - 17.00
Lege tilstades kl. 13.00 - 17.00

Tysdag kl. 12.30 - 17.00
Lege tilstades kl. 13.00 - 15.30

Onsdag kr. 13.00 - 17.00

Adresse

Sartorvegen 12,
5353 Straume