
Vedtok planprogram med strategiar for arealbruk
Kommunestyret vedtok på torsdag planprogram for arealdelen til kommuneplanen saman med strategiar for arealbruk 2027-2039. Planprogrammet viser kva Øygarden kommune skal ta vare på og korleis Øygarden skal utviklast for framtida. Kommunestyret vedtok også revidert beredskapsplan for kommunen.
Les meir.
Stolt og letta over ny gjenbruksstasjon
Klokka 12 på måndag kunne ordførar Tom Georg Indrevik klippa snora for å markera at den nye gjenbruksstasjonen på Straume er offisielt opna. Det gjekk ikkje mange minutta før det var kø ved inngangen. Denne dagen var det også offisiell opning av ombruksbutikk driven av Trigger AS.
Les meir.
Ein ekte lokalpolitikar fyller 90
- Eg ønskjer levande bygder. Det seier Ole Konrad Ekerhovd som fredag 23. januar rundar 90 år. Han møter ordførar Tom Georg Indrevik på kontoret. Ole Konrad snakkar gjerne om framtida, men han har alltid likt å mimra om gode gamle dagar.
Les meir.
Mange ville hylla 100-åring
På onsdag denne veka var det fest på Sundheimen. Marie Andersen fylte 100 år, og 40 personar var innom på visitt på denne store dagen. Det kom gjester heilt frå Stavanger.
- Marie sa til oss etterpå at dette hadde vore ein flott dag, seier dotter Inger Johnsen.
Les meir.
Nytt mannskap på Fjell festning
Onsdag 21. januar tok eit nytt styre over ansvaret for Stiftinga Fjell festning. Ole Asbjørn Fauske er ny styreleiar, med Cathrine Løvaas som nestleiar. I løpet av 2025 gjennomførte Øygarden kommune, Sotra og Øygarden forsvarsforening og det avtroppande styret ein prosess som førte fram til vedtak av nye vedtekter og val av nytt styre.
Les meir.
- Nå digitaliserer vi arbeidet med byggesøknadene
Øygarden kommune ønskjer at endå fleire sender inn byggesøknadene digitalt.
- Dette vil føra til færre feil i søknadene, redusert saksbehandlingstid og på sikt lågare gebyr, seier avdelingsleiar for byggesak og landbruk, Mathias Høium Grøgaard.
Les meir.
Ber om sak knytt til bemanning i bufellesskap
Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) ber om at det til neste møtet blir lagt fram ei orienteringssak om bemanning i bufellesskap for menneske med nedsett funksjonsevne. Rådet var samla til møte på onsdag denne veka.
Les meir.
Arrangerer eldredagen også i 2026
Eldrerådet vedtok på møtet denne veka at eldredagen også skal markerast i år. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeida forslag til arrangement og dato. Arbeidsgruppa for eldredagsmarkeringa i 2026 er samansett av Berit Anita Knudtsen Larsen, Gunn Glimsdal, Elna Nybakk og Øyvind Strandheim.
Les meir.
- Vi er klare
- Vi ser fram til og er klare for å leia ungdomsrådet. Det seier Alva Betine Kilvik som vart vald som leiar og Rebekka Kvaal som vart vald til nestleiar av ungdomsrådet på møtet tysdag ettermiddag. På dette møtet var også vararepresentantane til ungdomsrådet med og fekk innføring i kva det inneber å vera med i eit råd som dette.
Les meir.
Klima- og energiomstilling - korleis ligg næringslivet an?
Øygarden kommune er i gang med å utarbeida Strategiplan for klima og energi. Planen ser på korleis vi kan redusera klimafotavtrykket vårt, endra energibruken og bli flinkare til å bruka ressursane om igjen.
Les meir.
Pårørandekurs våren 2026
Også våren 2026 blir det invitert til kurs for pårørande til personar med demens. Kurset blir denne våren halde på Knappskog skule.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (04)
- 19.01.: Interne møte
- 20.01. - 21.01.: Møte i Brussel
- 22.01.: Kommunestyret
- 23.01.-25.01.: Fylkesårsmøte Vestland Høgre
Ordføraren neste veke (05)
- 26.01: Interne møte
Besøk på helseinstitusjon - 28.01.: Eigarmøte i Bergen Havn
- 29.01.: Nyttårsmøte for næringslivet
Møte med Cowi - 30.01.: AU Høgre ( Teams)
Møte om 8. mai
Møte med ØyVAR
Møte med Knappen Sjø
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (04)
- 19.01.: Interne møte
Opning gjenbruksstasjon
Gruppemøte - 20.01.: Vigsel
Ungdomsrådet - 21.01.: Råd for menneske med funksjonsnedsetjing
Besøk til 100 år gamle Marie Andersen - 22.01.: Kommunestyret
- 23.01.: Vigsel