Svein Otto Jacobsen (Frp) presenterte endringsframlegg frå fleirtalspartia knytt til lokalsenter.Når det gjeld planprogrammet for arealdelen til kommunen er det etter høyringsrunde og behandling i kommuneplanutvalet og endeleg behandling i kommunestyret gjort nokre endringar. Mellom anna er talet på lokalsenter auka frå fire til seks.
Vedtaket vart gjort med 29 mot 15 røyster. Fleirtalet var samansett av Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ, Pensjonistpartiet og Venstre, medan mindretalet var samansett av Ap, INP, MDG, Sp, SV og Raudt.
Vedtaket inneber at lokalsentera Møvika/Skålvika og Toftøyna igjen er innarbeidde som lokalsenter. Resultatet av dette er at det no er tilrådd seks lokalsenter; Tjeldstø, Fjell, Spildepollen, Stranda, Møvika/Skålvika og Toftøyna.
Det er vidare definert sentrumskjernar for tre kommunedelsenter (Rong, Ågotnes og Skogsskiftet) og kommune- og regionsenteret Straume.
Det er også gjort endringar knytt til krav om grøntområde, ny bygging i aktsemdområde, nullvisjon om nedbygging av fulldyrka jord og om å ta vare på registrerte område som kan dyrkast opp i framtida. Det er også tilrådd ei endring om at utvikling ikkje skal vera i vesentleg konflikt med viktige verdiar i sjø.
Kommunestyret var samrøystes om eit tilleggspunkt om at kommunestyret legg til grunn at alle utmarks- og strandsonekart er utkast, og endeleg kart vert fastsett i den vidare prosessen.
Omfattande prosess
Denne saka tek for seg innspel og fråsegner som er komne inn i høyringsperioden (24. oktober til 7. desember), og endringar som er gjort sidan forslag til planprogram vart lagt fram for politisk behandling første gong.
Til saman er det kome inn om lag 150 innspel frå øygardssamfunnet og fråsegner frå offentlege høyringspartar i høyringsperioden. I tillegg har fleire innbyggjarar engasjert seg gjennom lesarinnlegg i Vestnytt.
Planprogrammet omtalar formål og mål for planen, korleis planarbeidet skal organiserast, kva som skal vera tema- og innsatsområde, plan for medverknad, lokale, regionale og nasjonale føringar, framdrift, viktige milepelar og kunnskaps- og utgreiingsbehov.
Etter at kommunestyret no har vedteke planprogrammet er det mogleg å koma med innspel om til dømes endra arealbruk til bustadtomter, naust, næringsbygg og liknande i tida 23. januar til 8. mars.
Målet er at arealdelen til kommuneplanen vert vedteken innan sommaren 2027.
Andreas Ormevik (MDG) var kritisk til at det kom inn endringsframlegg til planprogrammet like før behandling i kommunestyret.Endrar organiseringa av beredskapen
Kommunestyret vedtok den administrative delen av overordna beredskapsplan for Øygarden slik han låg føre. Planen vil i større grad enn før byggja på ein proaktiv stabsmetodikk.
Den operative delen av planen vart teken til orientering.
Den kommunale kriseleiinga (KKL) har fram til no hatt ei «militær» organisering. Dette er ein modell, der medlemene er fordelte på ulike «K-ar» med definerte oppgåver.
I beredskapsplanen som no er vedteken, er organiseringa endra. Dette vert i saka mellom anna grunngjeve med at dei som har hatt ansvaret for eit særskilt område i kriseleiinga ikkje hadde det same ansvaret til dagleg. Den organiseringa var heller ikkje i samsvar med dei nasjonale beredskapsprinsippa; ansvar, nærleik, likskap og samvirke.
Den gamle organiseringa av kriseleiinga vert endra til ein meir proaktiv stabsmetodikk. I tillegg vel ein å ta inn fleire fagressursar som faste personar i KKL. Det betyr at det i samband med denne saka er blitt laga ein heilt ny overordna beredskapsplan for Øygarden kommune.
I planen er det lagt inn fullmakter til kriseleiar (kommunedirektøren). Ei av fullmaktene er at kommunedirektøren i ein krisesituasjon disponerer inntil 10 millionar kroner til nødvendig hjelp til katastroferamma til forpleiing m.m., skadeavgrensing og nødvendige sikringstiltak for å verna liv, verdiar og miljø, hjelp ved akutt behov for opprydding og utbetring av materielle skadar og funksjonsforstyrringar.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Her kan du sjå møtet på kommune-TV.
Tekst og foto: Vigleik Brekke