- Vi er klare

- Vi ser fram til og er klare for å leia ungdomsrådet. Det seier Alva Betine Kilvik som vart vald som leiar og Rebekka Kvaal som vart vald til nestleiar av ungdomsrådet på møtet tysdag ettermiddag.

Desse skal leia ungdomsrådet; Rebekka Kvaal (nestleiar, til venstre) og Alva Betine Kilvik (leiar - Klikk for stort bileteDesse skal leia ungdomsrådet; Rebekka Kvaal (nestleiar, til venstre) og Alva Betine Kilvik (leiar)

På dette møtet var også vararepresentantane til ungdomsrådet med og fekk innføring i kva det inneber å vera med i eit råd som dette. I tillegg til dette rådet har Øygarden kommune eldreråd og råd for personar med funksjonsnedsetjing.

Alva Betine Kilvik går no på tredjeåret på Olsvikåsen vidaregåande skule. Ho seier at som leiar av ungdomsrådet har ho fått eit viktig verv.

- Eg har sete i ungdomsrådet i fire år og kjenner på at eg har fått kunnskap om kva som skal til for å leia rådet. Sjølvsagt kjenner eg på ansvaret med dette leiarvervet. Eg ønskjer å vera lyttande og vil bidra til at alle medlemene i ungdomsrådet opplever at dei vert lytta til. Elles opplever vi at kommunen høyrer på oss, seier leiaren.

Rebekka Kvaal går tredjeåret på Sotra vidaregåande skule. Ho er engasjert i musikk og symjing.

- Eg har spelt klassisk piano i ti år. Eg er oppteken av at kulturskulen har eit godt tilbod. Både Alva og eg er med i prosjektet «Møteplass for ungdom». Der får vi vera med og bidra til å skapa gode møteplassar for ungdom, seier ho.

Alva fortel at ein er i startfasen av dette prosjektet.

- Vi har gøyale og store planar. Vi ønskjer å skapa trygge plassar som er opne for alle, seier ho.

Dei to leiarane meiner at elevrådet er eit viktig kontaktpunkt på skulane. Der kan ungdomsrådet få gje informasjon om prosjektet «Møteplass for ungdom» og generelt om arbeidet til ungdomsrådet.

Medlemer og varamedlemer til ungdomsrådet for perioden 2026-2027 - Klikk for stort bileteMedlemer og varamedlemer til ungdomsrådet for perioden 2026-2027

Saker

Ungdomsrådet behandla årsmeldinga for 2025. Med eit par mindre endringar tilrår rådet årsmeldinga slik ho ligg føre. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.

Ungdomsrådet slutta seg også til innstillinga frå kommunedirektøren om endringar knytt til SFO og ferie-SFO. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke