Marie Andersen fekk overrekt blom og gåvebok frå varaordførar Anita Garlid JohannessenVaraordførar Anita Garlid Johannessen var på plass og helsa frå kommunen.
- Eg blei varmt teken imot. Eg fekk sitja ved hovudpersonen som var ei kvikk dame med full kontroll på alle gjestene sine. Ho var godt nøgd med å bu på Sundheimen og hadde berre godt å seia om dei som jobbar der, seier varaordføraren.
Marie Andersen vart fødd 21. januar 1926 og vaks opp i Kjørhaugen på Glesvær. I 1950 gifte ho seg med Herfinn Andersen. Dei etablerte seg i Alvøen. Herfinn arbeidde på kontoret på Alvøen papirfabrikk, medan Marie jobba ein del på deltid i ei daglegvareforretning. Jubilanten har to barn, fem barnebarn og 10 oldebarn. I 2020 feira dei jernbryllaup. Det er ikkje så mange som kan skilta med eit 70 år langt ekteskap.
– Vi har vore litt flaksen med helsa, men vi lever jo sunt og går mykje på tur, sa Marie til Bergens Tidende som intervjua ekteparet i samband med jernbryllaupet.
Då ekteparet var rundt 80 år kjøpte dei seg hus på Svartaberget på Straume. Herfinn døydde i 2020. Marie er ei positiv dame som fortel at ho har hatt eit roleg og godt liv.
- Marie var ei omsorgsfull kvinne som alltid hadde tid til familien. Ho stilte alltid opp til beste for barna og barnebarna, seier Inger Johnsen.
Anita Garlid Johannessen seier at det alltid er kjekt å få møta innbyggjarane våre, og spesielt ei som har levd i 100 år.
- Og det er ganske stort å tenkja på kva utvikling ho har vore med på. Etter kvart fekk ho oppleva å få tilgang på straum, kjøleskap, TV, telefon, internett, bilar, ferjer og bruer. Det kan få oss til å lura på kva framtida vil bringa, seier varaordføraren.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat