Frå møtet i RFF 21. januar.; nestleiar Christian Daae-Hansen og leiar Lisbeth HjortlandDet var etter eit spørsmål frå leiar Lisbeth Hjortland at rådet konkluderte med at det ønskte ei sak der spørsmål om bemanning vert synleggjort. I spørsmålet er det vist til konkrete institusjonar der ein opplever at bemanninga er redusert i bufellesskapa når det gjeld personar med nedsett funksjonsevne.
Det låg føre skriftleg svar frå MMNF (menneske med nedsett funksjonsevne) med forståing for at det vert uttrykt uro knytt til bemanning og konsekvensar for både tenestemottakarar og tilsette i fleire bufellesskap.
- Det er viktig for oss å understreka at tryggleik, kvalitet i tenestene og forsvarleg drift alltid skal liggja til grunn for organiseringa av tenestene. MMNF vil alltid vurdera korleis ressursane kan nyttast best mogleg, innanfor gitte økonomiske rammer og i samsvar med krava til forsvarlege helse- og omsorgstenester, heiter det mellom anna i svaret.
MMNF var også til stades på møtet og gav svar under drøftinga av spørsmålet. Rådet ber altså om at det til neste møte vert lagt fram ei orienteringssak der bemanning i bufellesskapa vert belyst.
Til møtet låg det også føre spørsmål knytt til bossgebyr og eit spørsmål om korleis kommunen evaluerer seg sjølv i sitt arbeid med å sikra at innbyggjarar med utviklingshemming får ivaretatt sine grunnleggjande rettar slik det er definert i NOU 2016-17 (levekår for utviklingshemma i Noreg).
Begge desse spørsmåla vert svara ut på neste møte.
Handlingsplan
Handlingsplanen for RFF var sist oppe til behandling i september 2024. På møtet på onsdag gjekk RFF gjennom dei ulike tiltakspunkta i planen. Nokre tiltak vart tekne ut.
Nye tiltakspunkt som rådet samla seg om å leggja inn i handlingsplanen var bustad, fritidskontakt, alvorleg fysisk og psykisk sjuke, forsvarlege helse- og omsorgstenester, skule og utdanning og CRPD (FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne).
Ny organisering for SFO og ferie
RFF sluttar seg til endringane som er føreslåtte for SFO og ferie-SFO med nokre endringar. Rådet ønskjer at opningstida for SFO vert uendra og skal vera frå klokka 07.00 til 16.30.
RFF ber vidare om at SFO vert tilført tilstrekkeleg bemanning til å ivareta dei barna som har vedtak om ekstra bemanning, særleg i samband med ferie-SFO. Det vert opplevd at det ikkje er nok bemanning i SFO til å ivareta behova til barna.
Rådet sluttar seg elles til at vedtektene for skulefritidsordninga som er gjeldande per i dag, blir endra i samsvar med saksframlegg og erstatta av forskrift for skulefritidsordninga (SFO) i Øygarden kommune. Forskrift for skulefritidsordninga (SFO) i Øygarden kommune vert lagt fram som ei eiga sak.
Tilgjengepris
Då fristen hadde gått ut, hadde det ikkje kome inn forslag til tilgjengepris. Prisen skal etter planen delast ut på kultur- og idrettsgallaen i mars. Rådet ønskjer å utsetja fristen og promotera prisen på nytt med sikte på at det kjem inn kandidatforslag som kan behandlast på møtet i RFF i februar.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke