Nytt mannskap på Fjell festning

Onsdag 21. januar tok eit nytt styre over ansvaret for Stiftinga Fjell festning. Ole Asbjørn Fauske er ny styreleiar, med Cathrine Løvaas som nestleiar. 

Det nye styre- og varamedlemmer i Stiftinga Fjell festning. Framme frå venstre: Ole-Asbjørn Fauske, Trond Petter Abrahamsen og Silvia Høines. Bak, frå venstre: Alvhild Tofterå Berge, Cathrine Løvaas, Bjørn Ove Børnes og Harald Gåsø. Anders Nyland, Kjersti Nordøy og Per Helge Martinsen var ikkje til stades då bildet vart tatt. Biletet er teke utanfor kanontårnet. - Klikk for stort bileteDet nye styret med varamedlemmer i Stiftinga Fjell festning. Framme frå venstre: Ole-Asbjørn Fauske, Trond Petter Abrahamsen og Silvia Høines. Bak, frå venstre: Alvhild Tofterå Berge, Cathrine Løvaas, Bjørn Ove Børnes og Harald Gåsø. Anders Nyland, Kjersti Nordøy og Per Helge Martinsen var ikkje til stades då bildet vart tatt.

Med seg på laget har dei Silvia Høines, Trond Petter Abrahamsen, Anders Nyland, Alvhild Tofterå Berge, Kjersti Nordøy, Per Helge Martinsen, Harald Gåsø og Bjørn Ove Børnes (dei fem siste varamedlemmer). 

I løpet av 2025 gjennomførte Øygarden kommune, Sotra og Øygarden forsvarsforening og det avtroppande styret ein prosess som førte fram til vedtak av nye vedtekter og val av nytt styre. 

Stiftinga eig det freda hovudanlegget frå 2. verdskrigen, og vil saman med kommunen, forsvarsforeininga og andre samarbeidspartar ha ansvar for å skapa eit fundament for vidare drift, vedlikehald og utvikling. Med viktig historie og plassering i eit flott turterreng har festninga stort potensiale for å bli eit viktig besøksmål for både innbyggarar og tilreisande. 

Ole Hovland (nr. tre frå venstre) gav orientering på omvisinga. - Klikk for stort bileteOle Hovland (nr. tre frå venstre) gav orientering på omvisinga.

Det nye styret fekk på onsdag ei grundig omvising i festningsanlegget av stadansvarleg Ole Hovland, som saman med andre frivillige legg ned eit stort arbeid for å ta vare på og formidla kulturminna på Fjell festning. 

Forsvarsforeininga held inntil vidare open kafé i kanontårnet kvar helg.

 

Tekst og foto: Halvor Skurtveit