- Nå digitaliserer vi arbeidet med byggesøknadene

Øygarden kommune ønskjer at endå fleire sender inn byggesøknadene digitalt. 
- Dette vil føra til færre feil i søknadene, redusert saksbehandlingstid og på sikt lågare gebyr, seier avdelingsleiar for byggesak og landbruk, Mathias Høium Grøgaard.

Avdelingsleiar Mathias Høium Grøgaard ønskjer at fleire sender inn byggesøknader digitalt. - Klikk for stort bileteAvdelingsleiar Mathias Høium Grøgaard ønskjer at fleire sender inn byggesøknader digitalt.

28. februar 2026 er siste gong du som ansvarleg søkjar kan senda inn byggesøknad på e-post til Øygarden kommune. Dagen etterpå vil du få han i retur. Det same gjeld for privatpersonar frå 31. mars 2026. Du kan framleis senda inn søknad som fysisk brevpost

- Ein fordel med å søkja digitalt er også at du får hjelp undervegs når du fyller ut skjemaet, seier avdelingsleiaren.

Kommunen mottek ein god blanding av søknader frå både privatpersonar og profesjonelle. I gjennomsnitt er i dag 66 prosent av søknadene allereie digitale. Marknaden er dermed godt rusta for dette. 

- Det meste av innsendinga som ikkje er digital, kjem som e-post med pdf-ar og vedlegg av varierande kvalitet. Nokre få kjem også på papir i posten, seier einingsleiar for arealforvaltning, Are Frøysland Grande.  

Betre bruk av ressursane

Kvifor stengjer Øygarden kommune for søknader på e-post?

- Grunnen til at kommunen no krev heildigitale byggesøknader er at sakssystemet er tilrettelagt for å ta imot digitale søknader. Det å ikkje bruka systemet sitt fulle potensiale, er feil bruk av ressursar.  Samstundes sender vi som mange andre kommunar ut mykje mangelbrev, noko vi også får kritikk for. Byggesøknadene i dag inneheld mykje feil og manglar, og ved å krevja digitale søknader forventar vi å få inn meir komplette søknader som vil gje færre mangelbrev og kortare behandlingstid, seier Mathias Høium Grøgaard. 

Mykje av dei feila kommunen sender ut mangelbrev på, er ting som digitale søknadssystem vil gje god rettleiing på og samstundes syta for at ein ikkje får sendt inn søknaden utan å leggja inn informasjon som trengst. 

- Det er feil bruk av ressursar at kommunen må stoppa behandlinga på grunn av bagatellmessige feil og manglar. Du kan naturlegvis lura systemet med å kryssa av for at du har sendt det eller «berre sende inn noko», men då får du mangelbrev og behandlinga tar lengre tid, seier Are Frøysland Grande. 

Andre forhold kan vera manglar som manglande dispensasjon, for dårlege teikningar osb.

Sparer mykje manuelt arbeid

Ved overgang til digitalisering sparer kommunen mykje manuelt arbeid. 

- Ved å bruka mindre tid på manuelt arbeid og digitalisering av dette, vil ein også kunna behandla søknaden fortare og meir presist. Det er også ein del ting som i dag vert sjekka manuelt i søknaden som vil bli undersøkt før innsending. Dette er for eksempel gards- og bruksnummer, adresse, signatur frå søkjar, nabovarsel osb. Dette krev i dag ein manuell sjekk, men vil bli digitalt, seier Mathias Høium Grøgaard. 

Det vert også jobba med automatisering av fleire type søknader frå nasjonalt hald. Det er viktig at det vert lagt til rette for at dette også kan verta ein realitet i saksbehandlinga i Øygarden kommune.

Treng du hjelp med å fylla ut søknaden?

Med byggesøknaden.no frå Ambita eller EG Byggesøk frå EG Holte kan du få hjelp av fagfolk til å fylla ut søknaden. Du sender sjølv byggesøknaden til kommunen og er ansvarleg for prosjektet.

Forside - Byggesøknaden

EG Byggesøk: Holte ByggSøk

Vil du gjera alt sjølv?

eByggesøk frå Norkart hjelper deg med å finna ut om du må søkja, og kva for søknad du må senda. Du kan bruka eByggesøk til å senda byggesøknad sjølv til kommunen, men også dersom du treng hjelp frå fagfolk.

Enklare byggesøknad | eByggesøk

Kommunen er framleis pliktig til å ta imot søknaden din som kjem inn på e-post og arkivera denne. Men du vil få svar om at kommunen har stengt for innsending av søknad på e-post. Det vert vist til at søknaden må sendast inn digitalt eller fysisk brevpost.   

Du kan framleis senda inn søknad som fysisk brevpost.
 
For meir informasjon: Lage byggesøknad? Bruk digitale løsninger - Direktoratet for byggkvalitet

Kostnader

Alle digitale løysingar som er tilgjengelege på marknaden i dag har ein kostnad for at du skal nytta dei. Dette gjeld til dømes løysinga til Norkart som kostar deg som nyttar det 1 699 kroner. I tillegg kjem gebyr til kommunen for behandling av søknaden.


Red. og foto: Vigleik Brekke