Sentrale aktørar under opninga på måndag. Frå venstre; dagleg leiar i Trigger AS Hege Elvestad, ordførar Tom Georg Indrevik og administrerande direktør i ØyVAR AS Bjarne Ulvestad.Før ordførar Tom Georg Indrevik klipte snora sa han at Øygarden er heldig som har framsynte politikarar som danna eit selskap på sida av den kommunale drifta, det som i dag er ØyVAR.
- Med den nye gjenbruksstasjonen legg vi opp til at det skal vera mykje lettare å tenkja sirkulær økonomi. Det er då opp til oss alle å sikra at vi faktisk ikkje kastar meir enn det vi absolutt må. Med den nye stasjonen ligg alt til rette for at Øygarden skal bli leiande på sortering og gjenbruk, sa ordføraren.
Han minna også om at det denne dagen var offisiell opning av Ombruksbutikken som er eit samarbeid mellom ØyVAR og Trigger. Butikken skal drivast av tiltaksbedrifta Trigger, som tilbyr tilrettelagt arbeid, arbeidsførebuande trening og arbeidspraksis for elevar.
Kort tid etter den offisielle opninga var det kø for å koma inn på området.Langsiktig prosjekt
Den nye gjenbruksstasjonen på Straume har vore eit langsiktig prosjekt som har vore planlagt sidan 2012. 40 tusen kubikk stein er fylt inn med overskotsstein frå nærområdet. Totalprisen for anlegget er om lag 52 millionar kroner. Entreprenør for grunn og betong og seinare bygg har vore Brødrene Ulveseth AS. Over 96 prosent av husstandane besøkjer gjenbruksstasjonen i løpet av eitt år.
Kvart hushald kan levera gratis tre gonger i løpet av eitt år. Etter det er prisen to hundre kroner pr. gong. Administrerande direktør Bjarne Ulvestad er glad for at anlegget endeleg kan takast i bruk og at også dette området får ein gjenbruksstasjon etter at den gamle har vore stengt under utbygginga.
- Innbyggjarane har venta lenge på dette. Eg er letta og stolt over at anlegget no er på plass. Vi har også hatt ein god dialog med naboane. Vi har gjennomført avbøtande tiltak for at det skal vera minst mogleg sjenerande for naboane, seier Ulvestad.
Ordførar Tom Georg Indrevik klipte snora. Til venstre; administrerande direktør i ØyVAR, Bjarne Ulvestad og prosjektleiar i ØyVAR Tor Brakstad.Under markeringa på måndag takka han entreprenør Brødrene Ulveseth og Trigger for godt samarbeid. Han takka også prosjektleiar og anleggsleiar og alle dei andre tilsette i ØyVAR for tolmod og god jobb med prosjektet.
Odd Jarle Kleppe hjå Brødrene Ulveseth takka for tilliten.
- Dette har vore eit fantastisk prosjekt. Det har vore kjekt å jobba med eit prosjekt med god kvalitet. Gjenvinningsgraden har vore 93 prosent, seier Kleppe.
I løpet av anleggsperioden har fire medarbeidarar hjå Brødrene Ulveseth teke fagprøve i betongfag.
Det var også offisiell opning av Ombruksbutikken. - Kvar jobb vi skapar her inne, styrkjer fellesskapet i Øygarden, sa dagleg leiar i Trigger Hege Elvestad (til venstre).Denne dagen var det også offisiell opning av Ombruksbutikken. Dagleg leiar i Trigger AS, Hege Elvestad, smilte frå øyra til øyra.
- Denne gjenbruksbutikken bidreg til at vi i staden for å kasta skapar nytt liv. Kvar jobb vi skapar her inne, styrkjer fellesskapet i Øygarden. Ombruk er framtida, sa Elvestad som på vegner av dei tilsette på butikken skulle minna gjestene om at no var det berre å ta turen innom Ombruksbutikken og kjøpa noko nyttig.
Det var musikalske innslag ved Solveig Konstanse Algrøy.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke