Stemninga var god på ordførarkontoret. Frå venstre; Wigdis Ekerhovd, Ole Konrad Ekerhovd og Tom Georg IndrevikFor mange gode dagar har det blitt på Ole Konrad. Han har eit godt nettverk der han bur heime på Ekrhovda. Kona Wigdis har alltid stått støtt ved sida. Det vart seint mange kveldar etter lange politiske møte.
Dei har vore gifte på gamlemåten. Ole Konrad skryt ikkje på seg at han vore særleg oppteken av det huslege. Men han var god til å klippa plenen, fortalde han til lokalavisa for ein god del år sidan.
- Middagen var klar då eg kom heim frå jobb. Eg konsentrerte meg om jobben på skulen på dagtid. Politikken måtte vi driva med på kveldstid, seier Ole Konrad som har hatt ein god rådgjevar og støtte i kona Wigdis. Dei to har vore gifte i 62 år.
Ole Konrad Ekerhovd jobba i skulen i heile sitt yrkesaktive liv. Han starta som faglærar og avslutta som inspektør/assisterande rektor på Sotra vidaregåande skule. Han var ikkje den sorten som skifta jobb.
Praten går lett når Ole Konrad får snakka med ordførar Tom Georg Indrevik.
- Ole Konrad var vore ein av dei som var viktige for utviklinga av samfunnet vi har i dag. Han representerer også ein type politikarar som har stort fokus på løysingar, ikkje først og fremst partipolitikk. Eg har gjennom heile min politiske karriere hatt god nytte av hans ærlege tilbakemeldingar og gode samtalar, seier ordføraren.
Ole Konrad Ekerhovd fyller 90 år den 23. januar.Lokalpolitikar
Ole Konrad må reknast som den typiske lokalpolitikaren som var oppteken av levande bygder og at det var skule, helst i kvar grend. Ekerhovd skule var viktig, og det var ein trist dag for han då elevane gjekk heim frå denne grendeskulen for siste gong ein junidag i 2014.
- I si tid var Ekerhovd skule den finaste skulen i Fjell. Eg var svært skuffa då skulen vart lagt ned. Ein slik skule er viktig for å halda liv i bygdene, seier han.
For sitt omfattande samfunnsengasjement fekk Ole Konrad Ekerhovd i 2014 tildelt Kongens fortenstmedalje av dåverande ordførar i Fjell, Eli Årdal Berland. Det var naturlegvis eit stort augeblikk. Det heile vart krona med besøk på Slottet og møte med Kong Harald.
Han starta den politiske karrieren i slutten av 60-åra og sat i kommunestyret og i formannskapet i mange periodar. I åra 1995-1999 var han varaordførar og regjerte saman med ordførar Ole Georg Fredheim (Ap). På den tida representerte Ole Konrad Ekerhovd Senterpartiet. Utan at han ber noko form for nag til gamlepartiet Senterpartiet, representerte han Høgre dei siste åra. Han var nok ikkje særleg begeistra over at Senterpartiet valde å samarbeida på venstresida etter 2005.
- Men partipolitikk var ikkje så viktig for meg. Det er dei lokale sakene som har engasjert meg, seier Ole Konrad.
Den 25 mai 1972 var det offisiell opninga av Sotrabrua. Då starta utviklinga for Fjell og dei andre kommunane her ute for alvor. I Fjell var folketalet rundt sju tusen. Då kommunen vart ein del av Øygarden kommune i 2020 var folketalet i gamlekommunen auka til nærare 27 tusen. Ole Konrad sat i formannskapet på den tida. Bilete frå opningsdagen viser at han hadde ein sentral plass tett ved Kong Olav som stod for den offisielle opninga.
- Eg hugsar godt denne dagen. Utviklinga gjekk fort i åra som følgde, seier han.
Biletet er teke i mai 2022, 50 år etter Sotrabrua vart offisielt opla av Kong Olav.Idrettshall på Ågotnes
I tillegg til skulepolitikk, var idrettshall nord i kommunen ei viktig sak for Ole Konrad. Han fekk oppdraget med å vera leiar for byggjenemnda til Ågotneshallen. Hallen vart opna i 1999.
- Dette var svært viktig for meg. Vi bygde denne hallen svært rimeleg for ein sluttsum på 15 millionar kroner. Eg var nøye på at entreprenøren følgde teikningane og at det ikkje kom ekstrarekningar. Dette prosjektet er eg så stolt av som eg kan vera, seier Ole Konrad.
Den erfarne lokalpolitikaren stod langt nede på varamannsplass i den siste perioden han sat i Fjell kommunestyre. Men han fekk såpass mange personrøyster at han vart vald inn som 1. vararepresentant og måtte dermed møta opp på dei fleste kommunestyremøta. Han tok ordet fleire gonger og nytta gjerne høvet til å gje dei ferske politikarane litt historikk frå korleis dei gjorde det i gamle Fjell. Han var pragmatikar og likte å drøfta seg fram til samlande løysingar.
Sydenturar for seniorar
Det siste politiske leiarvervet for Ole Konrad var eldrerådet i Fjell i perioden 2015-2019. Eldrerådet tok initiativ til å få organisert sydenturar for seniorar.
- På ein privattur til Kypros trefte vi på eit reisefølgje frå Jølster som hadde vore på ein fellestur til denne øya i Middelhavet. Vi tenkte at dette burde vi også få til i Fjell. Vi inngjekk samarbeid med Vitus reiser, og i fleire år reiste mellom 30 og 50 personar på desse turane til Kypros. Dette var fantastiske turar og eit viktig trivselstiltak, fortel Ole Konrad Ekerhovd.
Ole Konrad er varsam då vi spør han om korleis han ser på framtida for Øygarden. Nytt sotrasamband er viktig for kommunen.
- Det er godt å bu her ute. Eg er jo litt uroa for det store arealet som vert beslaglagt med det nye sambandet. Vi treng jo ikkje byggja ut alt. Elles er eg glad for det siste vedtaket om å byggja ny skule på Skålvika, seier den 90 år gamle jubilanten.
Tekst og foto: Vigleik Brekke