Klima- og energiomstilling - korleis ligg næringslivet an?
Øygarden kommune er i gang med å utarbeida Strategiplan for klima og energi. Planen ser på korleis vi kan redusera klimafotavtrykket vårt, endra energibruken og bli flinkare til å bruka ressursane om igjen.

Saman med Vest Næringsråd og Øygarmot vil vi sjekka korleis næringslivet ligg an:
- Kven er klare til å starta?
- Kven er allereie i gang?
- Kva kan vi gjera saman for å få fleire med?
Svar på undersøking
Vi håpar bedrifter i Øygarden tek seg nokre minutt til å svara på denne undersøkinga.
Frist for å svara på undersøkinga er 25. januar 2026.
Svara blir brukt som kunnskap og inspirasjon for både kommunen og næringslivet, og ein anonymisert oppsummering blir presentert på Øygarmot sitt treff 11. februar 2026.
Målgruppe
Målgruppe for undersøkinga er leiar eller berekraftansvarleg i bedrifta.
Meir informasjon
Her kan du finne meir informasjon om Strategiplan for klima og energi 2026 - 2030.
Publisert 08.01.2026 13.08