Arrangerer eldredagen også i 2026

Eldrerådet vedtok på møtet denne veka at eldredagen også skal markerast i år. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeida forslag til arrangement og dato.

Arkivfoto. Frå eldrerådsmøte i april 2025 - Klikk for stort bileteArkivfoto. Frå eldrerådsmøte i april 2025

Den internasjonale eldredagen vart markert 1. oktober 2025 på Odeon Kino Sotra. Arrangementet vart gjennomført som eit samarbeid mellom eldrerådet og Pensjonistforbundet Fjell og samla om lag 130 deltakarar.

Arbeidsgruppa for eldredagsmarkeringa i 2026 er samansett av Berit Anita Knudtsen Larsen, Gunn Glimsdal, Elna Nybakk og Øyvind Strandheim. Arrangementet må ta omsyn til det årlege arrangementet arrangert av Pensjonistforbundet Nordre Øygarden.

Andre saker

Årsmeldinga vert behandla på neste møte etter at medlemmene i eldrerådet har kome med innspel. 

Det vart vedteke å allereie no ta inn at arrangementet på Eldredagen vert omtala meir utførleg. Det skal også førast inn at eldrerådet er svært takksame for det gode samarbeidet med Pensjonistforbundet. Utan samarbeidet og den økonomiske støtta deira, ville arrangementet ikkje kunne blitt gjennomført.

Handlingsplanen for eldrerådet vart vedteken slik han låg føre.

Besøkte to institusjonar

Eldrerådet gjennomførte møtet etter omvising og informasjon på Tednebakkane omsorgssenter på Rong. I forkant var det også omvising på Kvednatunet på Ågotnes.

Leiar Egil Haaland seier at det vart gjeve god informasjon både på Kvednatunet og Tednebakkane.

- Vi fekk god informasjon om drifta og utfordringar. Dette er nyttig for medlemmene, seier han.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke