
Gratulerer CCB med storkontrakt med Forsvaret
CCB AS har inngått rammeavtale med Forsvarsmateriell for vedlikehald av fartøya til Sjøforsvaret.
- Dette er ein viktig avtale for Øygarden og heile bergensregionen, seier ordførar Tom Georg Indrevik. Kontrakten har en lengde på fire år, med opsjon på ytterlegare tre år, total lengde på inntil sju år.
Les meir.
Mykje skryt for U15 EM
Det mangla ikkje på superlativer etter europameisterskapen i badminton U15 i Sotra Arena i sist veke.
- Vi er utruleg stolte over kva vi har fått til, seier badminton-entusiast i Sotra Badminton Clup, Hans Jarle Einarsen. Også ordførar Tom Georg Indrevik er begeistra.
Les meir.
Topp stemning og stor gjevarglede
Humøret var på topp då eit dusin ivrige næringslivsleiarar fredag føremiddag ringde kollegaene sine i næringslivet og bad om støtte til TV-aksjonen.
- Her er god stemning, stort engasjement og blide folk, seier rådgjevar næringslivet for TV-aksjonen i sørvest, Marthe Jansen.
Les meir.
Vil bidra i arbeidet med Straumsallmenningen
Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) vil gjerne bidra i arbeidet med å fullføra Straumsallmenningen. Rådet drøfta saka om innspel til utforming av allmenningen på onsdag denne veka. Straumsallmenningen er ein sentral del av den offentlege uteromsstrukturen på Straume og knyter saman Varden på Straumsfjellet i aust med Straume sjøfront i vest.
Les meir.
- Dette er ein viktig møteplass
Onsdag føremiddag strøymde det folk til fotballhallen på Straume. På OTD Tech Days møtest aktørane i olje-, gass- og maritimnæringa for fellesskap og samtalar.
- Dette er ein viktig arena, seier konsernsjef i Sotra Gruppen, Rikard Toft Ledang.
Varaordførar Anita Garlid Johannessen tok turen rundt i hallen og snakka med fleire av verksemdene frå Øygarden som hadde stand på messa.
Les meir.
Ønskjer å fanga opp utanforskap tidleg
- Utanforskap kan føra til at ein kjem i kontakt med radikale nettverk. Det seier Annlaug Trellevik i ungdomsoppfølging rus og psykisk helse. Saman med dei andre i nettverk for førebyggjande arbeid mot radikalisering og valdeleg ekstremisme inviterer ho til fagdag den 20. oktober.
Les meir.
Ønskjer betre læring, trivsel og inkludering i skulen
Ungdomsrådet hadde møte på biblioteket på Sartor senter tysdag. Innleiingsvis fekk dei orienteringar frå leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, om aktuelle saker i kommunen. Mellom tema som vart omtala var arbeidet med arealdelen til kommuneplanen, budsjettarbeidet for 2027, U15-EM i badminton og tilsetjing av ny einingsleiar i barnevernet.
Les meir.
Volda vart årets nynorskkommune – heider til Øygarden
Kultur- og likestillingsdepartementet har kåre Volda kommune som vinnaren av årets nynorskkommune. Øygarden kommune fekk heiderleg omtale for arbeidet med nynorsk. Prisen vart delt ut 13. oktober.
Les meir.
Vil at formannskapet arbeider med arealplanen
Formannskapet tilrår at det vidare politiske arbeidet med arealdelen til kommuneplanen 2027–2039 vert lagt til formannskapet frå 5. november. Tilrådinga vart gjort i formannskapsmøtet på tysdag. Tilrådinga vart gjort med 10 mot eí røyst (Industri- og næringspartiet).
Les meir.
Suzanne Madeleine Nikolaisen vert ny einingsleiar for barneverntenesta
Den nye einingsleiaren kjem til Øygarden kommune frå stillinga som avdelingsleiar i Bergenhus og Årstad barnevernteneste i Bergen kommune.
Les meir.
Barnevernstenesta flyttar til nye lokale
Frå 27. oktober flyttar barnevernstenesta til nye kontorlokale på Straume. Den nye besøksadressa er Skjenet 10, 5354 Straume.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik neste veke (43)
- 19.10.: Interne møte
Møte hjå KS Digital (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
Møte med idrettsrådet - 20.10.: Konferanse førebyggjande arbeid med utanforskap m.m.
- 21.10.: Beredskapsråd
Møte i kommunalutvalet, Høgre - 22.10.: Øving
Innlegg !Vi byggjer Vestland" - 23.10.: Synfaring Steinsland
Gravferd Jarle Vindenes