Nils Kåre Skoge fremja eit framlegg til alternativt punkt to. Dette vart vedteke.Tilrådinga vart gjort med 10 mot eí røyst (Industri- og næringspartiet).
Formannskapet tilrår at kommuneplanutvalet vert avvikla med verknad frå 5. november. Som følgje av dette fell alle verv i utvalet bort frå same dato.
På vegner av Ap, Frp, Høgre, SV, Sotralista-TVØ og KrF fremja Nils Kåre Skoge (H) eit alternativt forslag til punkt 2. Dette fekk fleirtal (10 røyster).
Der heiter det at for å sikra kontinuitet og god kunnskapsoverføring i det vidare arbeidet med arealdelen til kommuneplanen kan medlemene i kommuneplanutvalet inviterast til formannskapet si behandling av saker som gjeld arealdelen til kommuneplanen. Dei kan gje orienteringar og svara på spørsmål frå formannskapet når formannskapet eller møteleiar finn dette formålstenleg. Deltaking etter denne føresegna gjev ikkje møte-, tale- eller forslagsrett utover det som følgjer av lov.
Her kan du lesa heile tilrådinga. (PDF, 35 kB)
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Sel eigedom på Ågotnes
Formannskapet tilrår at kommunen sel Øvre Elvebakken 50 for 400 tusen kroner. Eigedomen er eit restareal på om lag 800 kvadratmeter som ikkje lenger har nokon kommunal funksjon.
Solsvik Næringspark AS eig den tilgrensande eigedomen og har meldt interesse for å kjøpa arealet som tilleggsareal til eksisterande næringsverksemd. Eigedomen vert seld til taksert marknadsverdi.
Saka går til kommunestyret.
Revisjon av eigarskapsmelding
Formannskapet tilrår å vedtak forslag til revidert eigarskapsmelding slik han ligg føre. Kommunedirektøren får fullmakt til å oppdatera eigarskapsmeldinga kontinuerleg ved eventuelle endringar i eigarporteføljen eller styrerepresentasjon.
Eigarskapsmeldinga er det overordna politiske styringsdokument for eigarskap til kommunen, og skal gje oversikt over kommunen sine eigarinteresser, tydeleggjera prinsipp og rammer for eigarstyringa og gi styringssignal til selskapa og føretaka kommunen har eigarinteresser i.
I den reviderte eigarskapsmeldinga er det føreslått nokre presiseringar og vidareutvikling av forventningar kommunen har. Dette gjeld styresamansetjing og kompetanse, berekraft og samfunnsansvar, kompetanseutvikling og rekruttering og korleis kommunalt eigde selskap gjennom eiga verksemd og innkjøpsaktivitet kan bidra til kompetansebygging og fagopplæring innanfor gjeldande regelverk.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Her er opptak frå møtet på kommune-TV.
Tekst og foto: Vigleik Brekke