Frå venstre; Rikard Toft Ledang (Sotra Gruppen), varaordførar Anita Garlid Johannessen og Anita Vindenes (Sotra Gruppen)Varaordførar Anita Garlid Johannessen tok turen rundt i hallen og snakka med fleire av verksemdene frå Øygarden som hadde stand på messa.
- Dette er ein uhøgtidleg, men viktig møteplass. Det er flott at Øygarden vert sett på kartet og at lokale verksemder får vist seg fram, seier varaordføraren.
Det er fint, men også vemodig å møta medarbeidarane på standen til Sotra Gruppen. Alle saknar gründeren og stiftaren av Sotra Gruppen, Jarle Vindenes, som døde på laurdag.
Her i kroken sat Jarle på OTD-messene, seier Anita Vindenes.- I denne stolen i hjørnet her sat alltid Jarle. No har vi ikkje lenger magneten Jarle som alltid trekte til seg mange som ville ta ein prat. Han var sosial og kjende mange, seier dotter til Jarle, Anita Vindenes, som er assisterande dagleg leiar for Sotra Gruppen.
Jarle Vindenes starta som skraphandlar på eit nedlagt fiskebruk på Vindenes. Der var det godt med kaiar og ein del eldre bygningsmasse. Gjennom mange år har verksemda utvikla seg steg for steg. No rner bygningsmassen oppgradert med nye bygningar og kaianlegg. I dag er det over 60 tilsette i heile konsernet.
- Det vert vanskeleg å tråkka inn i skorne til Jarle. Heldigvis har han dradd meg med og introdusert meg for mange personar. Han representerte ein annan generasjon, og har alltid vore oppteken av å snakka med alle. Han var ikkje oppteken av hierarki, seier Anita Vindenes.
Ditech held til på Ågotnes. - Vi leverer filter og filtersystem mellom anna til båtar og bygg, seier Johannes Solsvik.Ein av utstillarane frå Øygarden er Smith Stål på Søre Straume.
- Her møter vi kundar. Vi leverer stål og ei rekkje andre metall. Vi ønskjer meir byggjeaktivitet, seier Jakob Torsvik som har ansvar for sal og marknad i selskapet.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke